RSS

Kategoriarkiv: sevilla

Robert Wilson – BLODETS BÅND

To bilar kolliderar på motorvegen utanfor Sevilla. I den eine bilen finn politiet ein russar som er sentral i mafiaen på Costa del Sol. Og i bagasjerommet har han 8 millionar euro, i tillegg til ein del diskettar. Russaren har vore på veg over til ei konkurrerande mafiagruppering.

Falcon etterforskar saka som drap, samstundes som fleire faktorar frå dei tidlegare bøkene framleis er sentrale. Så vert den 8-årige sonen til Consuela Jimenez, av og på-kjæresten til Falcon, kidnappa.

(2009)

Les meir

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 02/07/2009 tommar falcon, mafia, politi, sevilla, spania, wilson

 

Robert Wilson – DE SKJULTE MORDERNE

Den tredje boka i serien om Javier Falcon. Etter ein kanonstart med «Den blinde mannen i Sevilla» falt serien litt med bok nr. 2, «De forsvunne hendene». Men her er Falcon tilbake i godt gammalt slag.

Det heile byrjar med ei boligblokk som blir sprengd, og i kjellaren ligg ein moské.

Boka er litt mindre privat enn dei fysste var, og minner meir om ein generell krim i så måte.

Me møter igjen mange av dei gamle kjende, og sjølv om denne tredje boka er veldig annsleis enn dei to fysste i stilen, så er det igjen det same drivet som var i den fysste.

(2006)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 13/01/2008 tommar falcon, politi, sevilla, spania, wilson

 

Robert Wilson – DE FORSVUNNE HENDENE

Ein kjend arkitekt og kona vert funne døde i heimen sin, mens son deira overnattar hjå naboen. Det virkar som drap og sjølvdrap, men arkitekten har drukke kaustisk soda, og han har han ein lapp med ein kryptisk beskjed i handa. I kjølvatnet av dette dukkar fleire sjølvmord opp, og Falcon nøstar i kjend stil opp i fleire mørke skjebner i Sevilla.

Robert Wilson skriv krim i verdsklasse, det er ingen tvil om det. Men den forrige boka var tøff å følge opp, og denne her leverte dessverre ikkje varene på samme måten.

(2004)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 21/06/2007 tommar falcon, politi, sevilla, spania, wilson

 

Robert Wilson – DEN BLINDE MANNEN I SEVILLA

Drapsbølge i Sevilla

Ein restauranteigar vert drepen, og vert funnen framfor ein TV med augeloka avskorne.

Dette, og ei rekke andre drap i Sevilla gjer at etterforskar Javier Falcon kjem i kontakt med fortida til sin far, Francisco Falcon, ein berømt kunstnar.

Det einaste eg har å utsetje på denne boka, er den overdrevne bruken av spanske ord og fraser. Er den oversett til norsk, så er den oversett. Den spreidde bruken av «tapa» etc minner litt om ein eller anna Dizzie Tunes-sketsj.

(2003)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 30/04/2007 tommar falcon, sevilla, spania, wilson