RSS

Kategoriarkiv: shaw

William Shaw – GRAVENS HEMMELIGHETER

gravenshemmeligheterDen beste Cupidi-saka så langt?

Eit lik vert funne i frysaren på eit hus som skal selgast. Så finn ein levningane etter ein gut som forsvann 25 år tidlegare. Skjelettet vert funne på eit avsperra område, der dyrevernarar, blant dei dottera til Alexandra Cupidi, fryktar at utbyggarane vil skade dyrelivet i området.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for kystmiljøet til William Shaw og Alexandra Cupidi.

(2020)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/08/2021 tommar england, kystliv, politi, shaw, uløyste saker

 

William Shaw – DØDELAND

dødelandIkkje det beste Shaw har laga

To unge gutar tjener seg nokre kroner på å stjele mobiltelefonar frå folk i byen. Ein dag får dei tak i ein bag med to telefonar, ein dyr og ny, og ein litt eldre modell. Dei vert kontakta av den som eig telefonane, og får beskjed om at det ventar ein dusør om dei leverer dei tilbake. Onkelen til ein av gutane ser ei muligheit til å presse prisen litt opp, og tek på seg å levere den tilbake. Han kjem aldri igjen. 

Samstundes dukkar det opp restar av ei menneske inne i eit kunstverk som er utstilt på eit lokalt galleri.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du fekk sansen for Alexandra Cupidi i dei to foregåande. 

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/07/2021 tommar barn, england, kunst, kystliv, politi, shaw

 

William Shaw – SALT LANE

Manglar høgdepunkt

Ein mann vert funnen død i ein møkkatank på ein gard. Bonden er sikker på at lokket på tanken har vore forsvarlig på, så det vil seie at ei ulukke er utelukka.

Parallelt med dette dukkar ei kvinne opp på døra til eit sambuarpar i London, og seier ho er mor til mannen i huset. Mannen vil gjerne tru det, medan sambuaren meiner dette er snakk om ein svindlar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den forrige, men skulle ønske han gamlingen tok litt mindre plass, så Alexandra Cupidi fekk skinne litt meir. 

(2018)

Les meir

 
 

William Shaw – FUGLEKIKKEREN

Ei bok som lover litt mykje

Alexandra Cupidi er kriminaletterforskar i London, men vert omplassert på Kent-kysten, etter eit forhold til ein overordna kollega. Der skal ho jobbe saman med den lokale betjenten William South.

Sjølv om South har holdt seg unna drapssaker, vert den fyrste saka til Cupidi eit drap. Offeret, ein fuglekikkar-venn av South, vert funne mishandla i ei trekiste i sin eigen heim.

Medan dei etterforskar saka, utviklar det seg eit vennskap mellom fuglekikkaren South, og den rebelske tenåringsdottera til Cupidi, Zoe.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du sluker alt av britisk bygdekrim, og likar krimheltar som har rota til liva sine såpass, at dei må flytte og starte på nytt.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/07/2019 tommar england, kent, politi, shaw