RSS

Kategoriarkiv: sjukehus

Hanne Kristin Rohde – GUDMOREN

gudmorenEr alle gode ting tre?

Den tredje boka om Wilma Lind: Ein uteliggar vert utsett for drapsforsøk rett framfor Stortinget rett før klokka slår 12 på nyttårsafta. Like etter forsvinn ei trafikkskadd kvinne frå observasjonsposten ho ligg på, og vert seinare funnen på obduksjonssalen. Død, og med hjertet operert ut. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du tenker at denne gongen sit det for Wilma Lind. 

(2016)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/09/2022 tommar heimlause, norge, oslo, politi, rohde, sjukehus

 

Frits de Bourg – DØDENS ELV

dødenselvKompleks retrokrim

Det startar med eit smell, bokstavelig talt. Ein mann har sendt ut 15 invitasjonar til sitt eige sjølvmord, der han sprenger seg sjølv i lufta i ei tønne. Men kven er han, og kvifor er frilansjournalist Nicolay Wolff ein av dei inviterte? I søket etter svaret, vert Wolff jaga av ein MC-bande, og ender opp på ein psykiatrisk institusjon, der ting ikkje tåler dagens lys.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med ein presis tidskoloritt. 

(2015)

Les meir

 

Torkil Damhaug – FLYKT, MÅNE

flyktmånerPsykologisk dramatikk i Frankrike

På ei kirketrapp i Avignon i Frankrike, vert ein ung mann funnen livlaus, og lagt inn på sjukehus. Han snakkar ikkje, og legen Anna Siboulet, ved eit psykiatrisk sjukehus tek på seg oppgava med å finne ut kva som har skjedd, og ikkje minst, kven han er. Ho anar snart ein samanheng til ei ung kvinne som ikkje lenge før, vart funnen død i Paris.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vil lese den fyrste boka til ein av landets beste historieforteljarar, så klart.

(1996)

Les meir

 

Mark Billingham – SOV GODT

Locked-in syndrom i London

Kriminalfyrstebetjent Tom Thorne etterforskar ein seriemordar, som ser ut til å ha gjort ein feil, då eit av offera overlever angrepet. Offeret, Alison, er vaken, og kan sjå og høyre, men kan ikkje røyre seg, eller snakke. Litt etter litt, finn Thorne ut at det ikkje er som politiet har trudd, men nærast motsatt.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar tilsynelatande håplause oppgåver for etterforskarane dine. 

(2001)

Les meir

 
 

Torkil Damhaug – SIKRE TEGN PÅ DIN DØD

sikretegnpådindødEin hardt skadd mann forsvinn frå Akershus Universitetssjukehus, og dukkar seinare opp død i eit skap i kjellaren.

Sigurd Woods oppdagar at den svenske kjærasten hans har hemmeligheiter for han, og flyktningen Arash ser spøkelser frå fortida.

Og midt i dette spindelvevet, finn me Jennifer Plåterud, som har relasjonar til alle dei sentrale skikkelsane.

(2013)

Les meir

 
 

Denise Mina – DØDEN PÅ GARNETHILL

garnethillEtter ein fuktig kveld ute, vaknar Maureen O´Donnel og finn den gifte mannen ho har eit forhold til, brutalt drept i si eiga stove. Problemet er berre at han ikkje skulle vere i leiligheita hennar no, og at ho ikkje møtte han kvelden før. I alle fall ikkje som ho kan hugse.

Politietterforskinga fører ganske kjapt til ein favorittmistenkt: Den tidlegare psykiatriske pasienten Maureen.

Med politiet i hælane, og ei familie som tvilar på henne, vert Maureen tvungen til å finne fram til den skuldige på eigen hand. Om det då ikkje viser seg at politiet og familien hennar har rett.

(1998)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 27/10/2013 tommar glasgow, mina, politi, sjukehus, skottland

 

Johan Theorin – SANKTA PSYKO

Den andre boka på rappen, som viste seg å ikkje vere ein krim. Denne er jo til og med seld gjennom krimklubben.no, så det var litt overraskande.

Men ei velskreven og særs spennande bok, som Johan Theorin alltid skriv dei. (Les også litt i Bølgerytteren om dagen, som også er stor lesing.)

Jan Hauger kjem til ein litan by for å søke seg jobb i barnehagen som høyrer til eit mentalsjukehus. Ungane som er i barnehagen er borna til dei innsette, og etter kvart viser det seg at Hauger har ein baktanke med jobben. Og det viser seg at han ikkje er åleine om det.

Mørk, underlig og overraskande forteljing, som anbefalast på det varmaste, men absolutt ingen krim.

Kjøp boka på nett.

(2011)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/02/2012 tommar sjukehus, sverige, theorin

 

Anne & Even Holt – FLIMMER

Hjertespesialisten Sara Zuckerman opererer inn ein hjertestartar i ein gammal kollega. To dagar etterpå døyr kollegaen. Det viser seg at det var hjertestartaren som tok livet av han, og snart skjer det med ein ny pasient.

Nokon har omprogrammert hjertestartarane, så dei virkar mot si hensikt.

Zuckerman og kollegaen Ola Farmen finn ut at ein av dei døde pasientane har fått skifta sin hjertestartar etter at vedkomande døyde. I felleskap byrjar dei to å nøste i trådane, og finn etter kvart ut at produsenten Mercury Medical, heimehøyrande i USA er sentrale i saka. Men er det dei som driv sabotasje, eller er det andre som vil sabotere dei?

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/11/2010 tommar holt, lege, norge, oslo, sjukehus