RSS

Kategoriarkiv: skjergard

Viveca Sten – I KAMPENS HETE

ikampensheteLettlest og lettgløymt

Bøkene til Sten er kanskje mest kjende frå TV-serien «Mordene i Sandhamn.» Det er ikkje til å legge skjul på at me er i Camilla Läckberg/Ann Rosman-land her.

Under midtsommarfeiringa i Sandhamn vert ein ung gut drepen, samstundes som stedottera til hovudpersonen Nora Linde (som er meir sentral i TV-serien enn i akkurat denne boka) ikkje kjem heim til avtalt tid etter feiringa.

Hovudperson nummer to, Thomas Andersson kjem til Sandhamn for å løyse drapssaka, samstundes som Nora Linde og kjærasten leiter etter dottera hans.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar lettlest krim, der du ikkje treng å tenke så mykje.

(2012)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/08/2014 tommar politi, sandhamn, skjergard, sten, sverige

 

Johan Theorin – GRAVRØYS

gravrøysDen fjerde og siste boka i Ölandskvartetten.

Denne gongen handlar det om den velståande familien Kloss, som har ein resort på øya. Denne sommaren får dei besøk av eit gammalt spøkelse.

For gamle Gerlof Davidsson som no bur på eldresenteret på vinterstid, blir dette sannsynligvis den siste sommaren på hytta.

(2013)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – BUNNFALL

bunnfallDen sjette boka om William Wisting.

I Stavern byrjar avkappa venstreføter å drive i land. Avkappa venstreføter i joggesko, og ingenting anna.

Politiet sjekkar funna opp mot nokre forsvinningssaker frå året før, og kjem over ei gruppe motstandsfolk som har holdt saman heilt fram til i dag.

Parallellt jobbar Line, journalistdottera til Wisting, med ei intervjuserie, der ho portretterer tidlegare drapsmenn, og lagar eit bilete av korleis straffa har påverka dei.

(2010)

Les meir

 

Cilla & Rolf Börjlind – SPRINGFLO

springfloDen unge politistudenten Olivia Rönning får i oppgave å sjå vidare på ei gammal drapssak. Ho vel ei sak som den avdøde faren hennar jobba med, og som aldri vart løyst.

På ei strand på øya Nord-Koster, utanfor Strømstad, vert ei ung kvinne brutalt drept på 80-talet. Ho vert gravd ned i sanden til halsen ved fjøre sjø, og overlatt til å drukne når springfloa kjem inn. Olivia byrjar leite i dei gamle sakspapira, og prøver å kome i kontakt med han som leia etterforskinga, men han er forsvunnen og ingen vil fortelje noko om han.

Dette er ei komplett og solid krimbok, og langt bedre enn dei fleste du har lest i år. Faktisk er dette ei av dei aller beste krimbøkene eg nokon gong har kome over.

(2012)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 15/08/2013 tommar börjlind, politi, skjergard, sverige, uløyste saker

 

Jørn Lier Horst – NÅR HAVET STILNER

nårhavetstilnerBok nummer 3 om William Wisting.

Denne gongen er vert det funne eit lik i ei nedbrent hytte, samstundes som ein ukjend mann vert funnen skoten  utanfor eit apotek i sentrum av Stavern.

Ei spennande og variert krimhistorie frå Lier Horst, men den held dessverre ikkje nivået til dei to fyrste bøkene om Wisting.

(2006)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/04/2013 tommar lier horst, norge, politi, skjergard, stavern

 

Johan Theorin – SKUMRINGSTIMEN

I 1972 forsvinn ein seks år gammal på Øland, då han utan lov går ut på alvaret (eit slags myrområde eller sletteland).

30 år etterpå får guten sin bestefar, Gerlof, ein liten sandal i posten til kvileheimen der han bur. Gerlof er sikker på at det er guten sin sandal.

Samtidig får me servert historia om Nils Kant, som budde i området mange år tidlegare.

Ei veldig skummel bok, men heilt i grenseland til å verte kalla krim. Den gamle pensjonisten er den som nøstar opp i sakene.

Dette er bok nummer ein i same serien som Nattefokk var nummer to i, og kanskje ikkje ei like god og skummel bok som Nattefokk.

(2007)

Les meir

 
 

Johan Theorin – NATTEFOKK

Ei ung familie flyttar frå Stockholm til Øland for å pusse opp eit gammalt fyr. Men det knyttar seg gamle sagn og spøkelseshistorier til fyret, for garden er bygd av tømmer frå eit gammalt skipsforlis. Det seiast at fyret kun lyser kvar gong nokon døyr.

Og når den unge familia er i ferd med å finne seg til rette i den nye heimen, lyser plutseleg fyret igjen.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/11/2009 tommar øland, kystliv, politi, skjergard, sverige, theorin

 

Knut Nærum – DE DØDES BÅT

Nok ein satirisk påskekrim frå Nærum, og nok ei humoristisk hylling av Bernhard Borge.

Denne gongen er handlinga lagt til sørlandet, der kriminalforfattaren Kjell Nilsen ferier i skjergarden.

Me møter eit begrensa galleri av hyttefolk og lokalfolk på ei øy, og sjølvsagt endar det med at ein av innbyggarane vert drepen.

Heldigvis er det ein privatdetektiv blant sommargjestane på øya.

(2008)

Les meir