RSS

Kategoriarkiv: skottland

Lucy Foley – JAKTSELSKAPET

jaktselskapetKva er vel eit drap blant venner?

På ein luksuriøs eigedom i Skottland møtes ei gruppe venner frå England, for å feire nyttår. Avsperra frå omverda, vert ikkje oppholdet så idyllisk som ein hadde håpa på. Faktisk til ei slik grad at rundt årsskiftet, så ligg ein av dei ni død i snøen utanfor hytta. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar noko nær lukka-rom-krim i idylliske omgivelsar.

(2018)

Les meir

Reklame
 
 

Sven Petter Næss – SKJEBNESTEINEN

skjebnesteinenNorsk-skotsk samarbeid

Niesa til Harinder Singh vert bortført i Edinburgh, og vert seinare funnen livlaus i ei elv. Singh reiser over for å finne ut av det på privaten, og saman med ein pensjonert skotsk politimann, finn han ut at kidnappinga har samanheng med ting som har skjedd i Oslo tidlegare.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den fyrste boka om Harinder Singh, og er nysgjerrig på korleis det går vidare.

(2020)

Les meir

 
 

Sophie Hannah – SKYGGENES TIME

skyggenestimeSeigt karakterdrama

Den andre boka om Zailer og Waterhouse: Naomi Jenkins har eit forhold til ein gift mann. Dei møtes på eit billig hotell ein fast dag i veka. Men ein dag dukkar ikkje Robert Haworth opp, og Naomi er sikker på at noko har skjedd, men slit med å overbevise politiet om det samme. 

For å overbevise politiet, fortel Naomi om eit grovt overgrep ho tidlegare vart utsett for, og bytter ut overgrepsmannen med Robert. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med meir fokus på intrikate personligheiter enn sjølve saka. 

(2007)

Les meir

 
 

Peter May – JEG SVIKTER DEG ALDRI

jegsvikterdegaldriSeig suppe

Eit ektepar frå Hebridene er i Paris for å selge tweed-stoffet sitt. I forkant av turen har kona, Niamh, fått ein anonym mail om at mannen har ei elskerinne. 

Ein kveld skal mannen Ruairidh ut åleine, og berre nokre 100 meter etter at han har forlete hotellet, eksploderer bilen som han, og elskerinna hans, sit i.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det saktegåande krim frå verharde utkantar.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/06/2021 tommar hebridene, may, mote, paris, skottland

 

SJ Bolton – DE UTVALGTE

deutvalgteSkumle legender på Shetland

På Shetland prøver ei kvinne å begrave sin nylig døde hest på den nye garden ho har kjøpt. Men under gravinga finn ho levningane av ei kvinne, som ikkje ser ut til å ha vore død så lenge, og som ser ut til å ha vore offer for eit slags rituelt drap. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim basert på skumle myter og legender.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 10/02/2021 tommar barn, bolton, lege, ritual, sagn, shetland, skottland

 

Val McDermid – UNDER OVERFLATEN

underoverflatenDNA-spenning

Etter ei trafikkulukke, der ein tenåring kræsjar i ein stolen bil og hamnar i koma, vert det rutinemessig teke DNA-prøve av sjåføren. Prøva gir eit treff med eit 20 år gammalt drap som aldri vart løyst. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar McDermid sine bøker, og kanskje Karen Pirie-bøkene spesielt.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/11/2020 tommar mcdermid, skottland, uløyste saker

 

Val McDermid – SKJELETTETS VEI

skjelettetsveiLite varm sak

Den tredje boka om Cold Case-etterforskar Karen Pirie:

I Edinburgh vert eit gammalt skjelett funne på taket av ei gammal, gotisk bygning som skal pussast opp. Spora peiker mot at offeret har drive med urban klatring. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar komboen av cold case-saker og klassisk britisk krim.

(2014)

Les meir

 
 

Val McDermid – SOM SUNKET I JORDEN

somsunketijordenGamle forsvinningar

Karen Pirie får to parallelle gamle saker å jobbe med, når ei kvinne kjem for å melde faren sin sakna. Gruverarbeidaren Mick Prentice forsvann sørover for 23 år sidan, men sidan har ingen sett han. Samtidig jobbar Pirie med ei feilslått kidnappingssak, der ei kvinne og babyen hennar vart kidnappa under gruvestreiken, og når løysepengane skulle utbetalast, skjedde det noko, og kvinna vart drept og babyen forsvann. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for innfløkte og omfattande historier.

(2008)

Les meir

 

Val McDermid – EKKO I DET FJERNE

ekkoidetfjerneInnhenta av fortida

I 1978 snublar fire kameratar over unge Rosie, som er valdteken og knivstukken, og som døyr der, rett framfor dei. Politiet finn aldri ut kven som gjorde det, og dermed vert dei fire aldri heilt fri frå mistanke, korkje frå politiet eller lokalbefolkninga.

25 år seinare ser politiet på saka på nytt, og då er det nokon som prøver å ta livet av kameratgjengen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kalde saker som vert henta opp igjen.

(2003)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/11/2020 tommar mcdermid, skottland, uløyste saker

 

Val McDermid – MYRGRAVEN

Nedgravde hemmeligheter

Under krigen grov ein soldat ned to motorsyklar nord i Skottland. No er barnebarnet, og mannen hennar i Skottland for å finne syklane, som i dag er svært verdifulle. Men i grava finn dei også ein død kropp.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar mysterier som strekker over fleire generasjonar.

(2018)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 29/10/2020 tommar andre verdenskrig, mcdermid, politi, skottland