RSS

Kategoriarkiv: skottland

Ian Rankin – STRIP JACK

stripjackStrip Jack er den fjerde boka om inspektør John Rebus.

Under eit raid i ein sexklubb, finn politiet eit kjent parlamentsmedlem saman med ein kvinne på eit rom. Og sjølvsagt står avisene på utsida i det MP Gregor Jack vert ført ut i dei ventande politibilane.

Rebus synes synd på Jack, og er nysgjerrig på kvifor ikkje kona hans har gitt lyd frå seg. Jack fortel at han og kona har forskjellig omgongskrets, men då kona vert sakna, viser det seg at omgongskretsen hennar har ting å skjule.

(1992)

Les meir

 
 

Denise Mina – DØDEN PÅ GARNETHILL

garnethillEtter ein fuktig kveld ute, vaknar Maureen O´Donnel og finn den gifte mannen ho har eit forhold til, brutalt drept i si eiga stove. Problemet er berre at han ikkje skulle vere i leiligheita hennar no, og at ho ikkje møtte han kvelden før. I alle fall ikkje som ho kan hugse.

Politietterforskinga fører ganske kjapt til ein favorittmistenkt: Den tidlegare psykiatriske pasienten Maureen.

Med politiet i hælane, og ei familie som tvilar på henne, vert Maureen tvungen til å finne fram til den skuldige på eigen hand. Om det då ikkje viser seg at politiet og familien hennar har rett.

(1998)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 27/10/2013 in glasgow, mina, politi, sjukehus, skottland

 

Ian Rankin – HIDE & SEEK

hideandseekDette er den andre boka om John Rebus, og i kommentarfeltet fortel forfattaren at helten frå Edinburgh langt frå var ferdig utvikla her.

Ein narkoman vert funnen død i (den fiktive) forstaden Pilmuir. Alt tyder på ei vanleg overdose, men Rebus anar uråd. I det okkuperte huset han vert funnen i, er det okkulte teikningar på veggane, og mykje tyder på at nokon har flytta på liket etter at han døde. Han byrjar nøste i eit nærast umulig puslespel, der brikkane sakte men sikkert fell på plass.

Det viser seg at Rebus har rota seg bort i ei sak som har forgreiningar heilt til topps i Edinburgh.

(1990)

Les meir

 

Ian Rankin – NÅR MØRKET FALLER

Set in Darkness er den ellevte boka om Rebus.

Året er 1999, og Skottland skal endelig få sitt eige parliament, 20 år etter at dei hadde avstemming sist.

Under oppussing av eit hus ved Queensberry House, vert eit lik funne innemurt i ein vegg.

Berre nokre få dagar etter funnet, vert ein framståande politikar drepen i same område, på ein måte som liknar. Rebus og Clarke må finne ut om det er ein samanheng.

(2000)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 05/04/2012 in edinburgh, rankin, rebus, skottland

 

Ann Cleeves – HVITE NETTER

Den andre boka i serien om Shetlandsetterforskaren Jimmy Perez. Las tidlegar bok nummer 3 i serien, Røde Knokler, som var veldig stemningsfull og fin.

No er det ikkje slik at denne boka vart lest ut på to dagar, som det kan sjå ut som. Byrja på den i romjula, men gløymte den heime på Sunnmøre, så fekk lest slutten no.

Ein ukjend mann kjem inn på åpninga av ei kunstutstilling i det vesle samfunnet Biddista på Shetland, og byrjar gråte framfor eit bilde. Han har hukommelsestap, og før nokon får snakka skikkeleg med han, forsvinn han. Dagen etter vert han funnen hengd i eit naust.

Ingen på øya veit kven denne personen er, men Jimmy Perez aner at nokon huskar meir enn dei vil seie.

(2008)

Les meir

 
 

Ian Rankin – A QUESTION OF BLOOD

Fann denne boka når eg såg gjennom samlinga for å oppdatere meg på kva bøker eg har lest dei siste åra. Denne vart kjøpt inn saman med The Falls og Resurrection Men, men etter å ha lest bakpå den, kom eg til at den ikkje vart lest den gongen.

Siobhan har vorte plaga av ein fyr, som vert funnen død etter at leilegheita hans brenn. Rebus har vorte sett på pub med han kvelden før, og han dukkar opp med store brannskader på hendene.

På ein skule i South Queensferry, nord for Edinburgh, går ein tidlegare SAS-soldat amok med våpen, og drep to unge gutar, og skadar ein tredje.

Rebus og Siobhan er involverte i å finne ut av begge sakene, og etter kvart kjem det fleire aktørar på bana.

Denne boka kom ut etter Ressurection Men og før Fleshmarket Close, og er nummer 14 i serien, av totalt 17.

(2003)

Les meir

 
 

Ian Rankin – SPESIALENHETEN

Malcolm Fox jobbar i Spesialenheita i Edinburgh. Dei etterforskar interne saker i politiet, og er dermed den minst populære avdelinga i politiet. Han har akkurat vore med på å bygge ei sak mot ein politimann som har vore på kant med lova i ei periode, når han får eit nytt oppdrag.

Politimannen Jamie Breck har kome opp på ei pedofili-overvakingsliste, og Fox får i oppdrag å jobbe tett med han, for å prøve å avsløre han. Ei sak Fox absolutt ikkje vil ha.

Det viser seg at det er meir grums rundt Breck enn ein trudde, og det vert farleg for Fox. Samstundes har han ein aldrande far på gamleheimen, og ei syster som vert mishandla av sambuaren sin.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/03/2011 in edinburgh, politi, rankin, skottland