RSS

Kategoriarkiv: smugling

Lilja Sigurdardottir – FANGET

Narkosmugling og bankkollaps på Island

Sonja har forlatt mannen sin, til fordel for Agla, ei kvinne som er kollega med eksmannen. Men i kjølvatnet av skilsmissa manglar ho pengar, og vert lurt inn i narkotikasmugling, noko det viser seg at ho er veldig god til. Men på flyplassen i Keflavik, er det ein erfaren tollar som er på sporet av henne.

Samtidig er Agla under mistanke for ha vore sentral i den store bankskandalen som knekte den islandske økonomien.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krimhistorier som tek opp samtidsaktuelle saker. 

(2012)

Les meir

Reklame
 
 

Arthur Omre – SMUGLERE

Ein litt skuffande klassikar

Ein Oslo-arkitekt er i beit for arbeid, og får tilbod om å smugle litt sprit under forbodstida. Det viser seg at det er lønnsomt, og det er mulig å trappe opp bedrifta litt. Pengane kjem lett, men med dei kjem også politiet nærare, og turane nedover Oslofjorden vert farlegare og farlegare.

Norske krimforfattarar kåra denne i 2017 til tidenes femte beste norske krim, men er ikkje heilt sikker på om den kjem like høgt på mi liste.

(1935)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/03/2018 tommar 30-talet, arkitekt, norge, omre, oslo, smugling