RSS

Kategoriarkiv: snikskyttar

Sjöwall & Wahlöö – MANNEN PÅ TAKET

mannenpåtaketEin meir «moderne» Beck

Kommisar Stig Nyman var aldri verken noko god politimann, eller ein godt likt. Snarare tvert i mot, han var ein av dei mest hata personane i politikorpset i Stockholm. No er han drept, nærast delt i to, i sjukehussenga han låg i. Så det er ikkje mangel på mistenkte. 

Det endar i ei jakt på ein namngitt mistenkt, og det vert tøft for fleire. Dette er kanskje boka der Gunnvald Larsson verkeleg står fram som den råtassen han er i TV-serien. 

Dette er den sjuande boka om Beck. Her er dei seks foregåande:
1. Roseanna
2. Mannen som gikk opp i røyk
3. Mannen på balkongen
4. Døden tar buss
5. Brannbilen som forsvant
6. Snut, snut, kaffegrut

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis Gunnvald Larsson er når han går i Rambo-modus.

(1971)

Les meir

Reklame
 

Eirik Wekre – TROLLMANNENS LÆREGUTT

trollmannenslæreguttMayhem i Oslo sentrum

Oslo er vertskap for utdelinga av Nobels Fredspris, og unge, arbeidsledige demonstrantar frå heile Europa har innteke byen, for å vise si uvilje mot at det er nettopp EU som skal få prisen. Leiaren for politispanarane Theo Hannover får nyss om at ein kjent snikskyttar er på veg til Noreg, samstundes som demonstrasjonane vert meir valdelege. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med aktuell samfunns-tematikk. 

(2013)

Les meir

 

Deon Meyer – SYV DAGER

syvdagerSør-Afrikansk krim, og eit hyggeleg nytt bekjentskap.

I Cape Town får politiet inn ein trussel om at ein politimann vert skoten kvar dag, inntil dei arresterer personen som drepte advokaten Hanneke Sloet. Innsendaren er overtydd om at politet bevisst ikkje har arrestert vedkomande, sjølv om dei veit kven det er.

Så byrjar trusselskrivaren å skyte politifolk, og etterforskaren Benny Griessel får ansvaret for å både finne snikskyttaren, og finne ut kven som drap Sloet.

(2011)

Les meir