RSS

Kategoriarkiv: soldat

Matthew Hall – OFFERLAMMET

offerlammetUro i rekkene

Bok nr 7 om Likskuedommaren:

Den britiske troppen har eit døgn igjen før heimreise frå Afghanistan, men siste kvelden forsvinn ein av soldatane. Ei patrulje vert sendt ut for å finne han, men havnar i bakhold, og ein mann vert drept, og to hardt skadde. Heime i England ventar ein militærlandsby på dei, og returen med to manglande og to skadde kjem som eit sjokk. Men når Jenny Cooper byrjar å sjå på ting, så viser det seg sjølvsagt at det er noko meir mellom linjene her. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim sett i eit militært miljø, der ein nøster opp i gamle saker.

(2017)

Les meir

Reklame
 

Lee Child – DET ØYET IKKE SER

detoyetikkeserJack Reacher vert vitne til at ei kvinne tek livet av seg i ei t-banevogn under New York. Etterpå vert Reacher oppsøkt av fleire som lurer på om kvinna har sagt noko til han, før ho tok livet av seg.

Politiet meiner det ikkje er meir å etterforske, men Reacher vil finne ut kvifor.

Den trettande boka om Jack Reacher, er ein actionprega og tettpaka krim, som kan minne litt om Jo Nesbø i stilen.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/07/2013 tommar child, militæret, new york, politi, soldat, terror, usa

 

Ian Rankin – A QUESTION OF BLOOD

Fann denne boka når eg såg gjennom samlinga for å oppdatere meg på kva bøker eg har lest dei siste åra. Denne vart kjøpt inn saman med The Falls og Resurrection Men, men etter å ha lest bakpå den, kom eg til at den ikkje vart lest den gongen.

Siobhan har vorte plaga av ein fyr, som vert funnen død etter at leilegheita hans brenn. Rebus har vorte sett på pub med han kvelden før, og han dukkar opp med store brannskader på hendene.

På ein skule i South Queensferry, nord for Edinburgh, går ein tidlegare SAS-soldat amok med våpen, og drep to unge gutar, og skadar ein tredje.

Rebus og Siobhan er involverte i å finne ut av begge sakene, og etter kvart kjem det fleire aktørar på bana.

Denne boka kom ut etter Ressurection Men og før Fleshmarket Close, og er nummer 14 i serien, av totalt 17.

(2003)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 31/08/2011 tommar edinburgh, massakre, politi, rankin, rebus, skottland, soldat

 

Ørjan N. Karlsson – GOLIAT

Eit forsyningsskip vert kapra ved norskekysten, samstundes som norske marinesoldatar bordar ein russisk trålar som fiskar ulovleg.

I Irak blir eit amerikansk fly skote ned, og høgteknologiske hemmelegheiter vert stolne.

Fleire tilsynelatande frittståande hendelsar vert fletta saman, i ein relativt spennane thriller av ei bok. Fenrik Frank Halvorsen er mannen som går i spissen for å få berga Norge frå eit potensielt terrorangrep.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/02/2009 tommar havet, karlsson, norge, platform, soldat, terror

 

Boris Akunin – TYRKISK GAMBIT

«Fandorins andre sak»

Burde sjølvsagt starta på nr 1, men det viser seg at eg berre hadde 2-5 i bokhylla, så då vart det denne.

Akunin er et pseudonym brukt av georgiaren Grigori Tchkhartishvili, og bøkene handlar om russaren Erast Fandorin. I denne boka er me i Romania og Serbia, der russarane prøver å ta Tyrkia. Me møter Fandorin, som er ein ung veteran i hæren, og har ei noko avslappa rolle. I tillegg møter me Varvara Suvorova, ei ung kvinne som er på veg til fronten for å finne forloveden sin. Eit ganske lite karaktergalleri, med diverse offiserar og korrespondentar, men handlinga er det ikkje kjempedriv i.

Det er lenge usikkert kva som er saka i boka, men etter kvart viser det seg at det er ein spion i rekkene, og Fandorin skal finne han. Ganske enkelt, ikkje veldig intrikat, men i følge andre omtalar relativt tru mot det historiske perspektivet.

Skal gi bok nr 1 ein sjanse, og håper den er bedre enn denne.

(1998)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 20/05/2008 tommar akunin, fandorin, krig, russland, soldat