RSS

Kategoriarkiv: sør amerika

Roslund & Hellström – TRE MINUTTER

treminutterInfiltratørthriller i Sør-Amerika

Piet Hoffmann har levd heile livet på sida av loven, og sjølv etter å ha kome seg på rett side, så jobbar han undercover. Denne gongen for amerikanske myndigheiter, blant narkokartell i Colombia. Atter ein gong vert han svikta av dei som skal hjelpe han, når han prøver å trekke seg ut.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du fekk sansen for Piet Hoffmann i eit tidlegare Ewert Grens-historie.

(2016)

Les meir

Reklame
 

Johan Theorin – SKUMRINGSTIMEN

I 1972 forsvinn ein seks år gammal på Øland, då han utan lov går ut på alvaret (eit slags myrområde eller sletteland).

30 år etterpå får guten sin bestefar, Gerlof, ein liten sandal i posten til kvileheimen der han bur. Gerlof er sikker på at det er guten sin sandal.

Samtidig får me servert historia om Nils Kant, som budde i området mange år tidlegare.

Ei veldig skummel bok, men heilt i grenseland til å verte kalla krim. Den gamle pensjonisten er den som nøstar opp i sakene.

Dette er bok nummer ein i same serien som Nattefokk var nummer to i, og kanskje ikkje ei like god og skummel bok som Nattefokk.

(2007)

Les meir