RSS

Kategoriarkiv: sørlandet

H.C. Hansen – NATTREDAKTØREN

nattredaktørenSørlandsidyllen slår sprekker

«Nattredaktøren» er journalist i ein søvnig sørlandsk småby, som brått vert snudd på hovudet, då den lokale banken vert rana, og ei av dei ansatte i banken vert sterkt skada, og seinare døyr på sjukehuset.

Ein annan bankansatt, Marte, vert vitne til ranet, og saman med Nattredaktøren vil ho finne ut kva som skjedde med venninna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim i norsk småbyidyll.

(2010)

Les meir

Reklame
 
 

Waldemar Brøgger – HEVNEREN PÅ HAGAN

Spøkelser og filming på Sørlandet

Hevneren på Hagan er eit gammalt spøkelse som går igjen i området rundt Hagan Aldersheim, ein stad på Sørlandet. Ein kveld går bestyrar Olga Lund ut, for å sjå etter Elvira Lorentzen. Lorentzen er ei eldre dame, som bur på heimen, men no har romvenninna henna etterlyst henne, sidan ho ikkje har kome heim, sjølv om det er etter midnatt. Dei andre meiner ho ikkje bør gå ut så seint, på grunn av spøkelset. Men Olga Lund går ut, og i hagen finn ho Elvira død. Drept.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har ei svakheit for gammal krim, med eit snev av spøkelseshistorier.

(1957)

Les meir

 
 

Hans Olav Lahlum – HAIMENNESKET

Lahlum si aller beste

For ti år sidan vart ein baby drept i vogga si på eit hotell på ei sørlandsøy. Dei to halvsøstrene hans skulle passe på han, men begge 16-åringane nekta for å ha noko med drapet å gjere, og den eine av tvillingane forsvann sporlaust rett etterpå. Litt seinare tok mor til barnet livet av seg.

K2 og Patricia har nettopp vorte kjærestar, og vert invitert ned til øya, fordi dei som var på hotellet den gongen har fått anonyme brev. I breva vert dei oppfordra til å kome tilbake til hotellet for å få vite sanninga.

(2015)

Les meir

 

Stein Riverton – JERNVOGNEN

109 år gammal eleganse

Ei spøkelses-jernvogn som rullar over slettene på Sørlandet, og kvar gong den vert høyrt, skjer det ei ulukke eller eit drap. Når eit nytt drap vert utført, kjem Asbjørn Krag til staden for å løyse mysteriet.

1909

Les meir

 

Knut Nærum – DE DØDES BÅT

Nok ein satirisk påskekrim frå Nærum, og nok ei humoristisk hylling av Bernhard Borge.

Denne gongen er handlinga lagt til sørlandet, der kriminalforfattaren Kjell Nilsen ferier i skjergarden.

Me møter eit begrensa galleri av hyttefolk og lokalfolk på ei øy, og sjølvsagt endar det med at ein av innbyggarane vert drepen.

Heldigvis er det ein privatdetektiv blant sommargjestane på øya.

(2008)

Les meir