RSS

Kategoriarkiv: sport

Sofie Sarenbrant – ANDRE ÅNDEDRAG

andreåndedragMaratonspenning

Rett etter start i Stockholm Maraton, kollapsar ein ung mann, og livet står ikkje til å redde. Dette er fyrste gong det har vore eit dødsfall i løpet, og ikkje lenge etterpå får dei dødsfall nummer to, når ein av deltakarane vert funnen død langs løypa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har høyrt alt skrytet om Sofie Sarenbrant og Emma Sköld-serien.

(2013)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 01/04/2023 tommar hevn, politi, sarenbrant, sport, stockholm, sverige

 

Harlan Coben – EN VENN AV FAMILIEN

envennavfamilienDen forsvunne gamletrenaren

Myron vert kontakta av sjefen i Zoom, eit stort selskap som lagar sportsutstyr. Brenda Slaughter er den store stjerna deira, og ho vert plaga av anonyme telefonar, som blant anna vil at ho skal ringe mora. Ei mor som forsvann for 20 år sidan. Og no forsvinn plutselig faren også, ein gammal ven av Myron, og Myron tek på seg oppgava med å finne faren og personane bak telefonoppringningane. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er hekta på Bolitar-serien. 

(1998)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/10/2022 tommar basketball, coben, forsvinning, sport, usa

 

Harlan Coben – FEIL SIDE AV VEIEN

feilsideavveienBolitar på ukjente jaktmarker

Jack Coldren er ein aldrande og mislukka golfspelar, som er gift med verdas beste kvinnelege golfspelar, Linda. Sjølv er han mest kjent for å ha sprukke på eit av dei siste hola i US Open 23 år tidlegare, men er no sensasjonelt i ferd med å vinne den samme turneringa for fyrste gong, og på samme bane. Men undervegs forsvinn sonen deira, Chad, og ekteparet får truslar og krav. Vil nokon øydelegge sjansane for Jack? 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du elskar golf og du elskar krim, men har aldri sett dei to kombinert før. 

(1997)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/10/2022 tommar coben, kidnapping, sport, usa

 

Harlan Coben – EN SISTE SJANSE

ensistesjanseEit lenge etterlengta comeback

Den største rivalen til Bolitar på universitetsnivå, den gongen før han vart skadd og måtte legge opp, er forsvunnen. Greg Downing er ein snåling, som aldri har latt seg sponse, og som køyrer taxi på fritida. Like før han forsvann, signerte han likevel ein enorm sponsoravtale. Laget hans, New Jersey Dragons, vil ikkje avsløre at han er forsvunnen, og lager ei dekkhistorie om at han er skadd, og at Myron Bolitar vert henta fram frå gløymselen, for endelig å få sin debut i NBA. Sannheita er at Bolitar skal infiltrere laget, for å finne ut kva som kan ha skjedd med Downing. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du fekk sansen for Myron Bolitar i dei foregåande bøkene. 

(1996)

Les meir

 

Harlan Coben – HARDE SLAG

hardeslagTennis-krim (sett sjølv inn tennis-referanse)

Valerie Simpson, ein tidlegare tenniskomet, vert skota og drept like utanfor stadion under US Open. Ho har prøvd å kome i kontakt med Myron Bolitar, som ho ønsker skal representere henne når ho no vil gjere comeback.Når Bolitar byrjar kike på saka, finn han trådar som går tilbake til eit drap på ein tennisklubb seks år tidlegare. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du, som meg, las den fyrste i serien, og vart sugen på meir.

(1996)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/10/2022 tommar coben, sport, tennis, usa

 

Harlan Coben – LIVSTEGN

livstegnKrimthriller i sportsverda

Den fyrste boka i serien om sportsagenten Myron Bolitar. Bolitar har fått sin fyrste store klient, basketballtalentet Christian Steele, som alle meiner er den neste store. Steele har klart seg gjennom ei tøff tid, etter at kjæresten hans forsvann sporlaust, og er antatt død. Så ringer ho plutselig til Steele, og verda vert snudd opp ned. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Harlan Coben truleg er tidenes beste spenningsforfattar, og du er spent på korleis han takler sportskrim. 

(1995)

Les meir