RSS

Kategoriarkiv: stavern

Jørn Lier Horst – GRENSELØS

grenseløsWorld Wide Wisting

Eit crowdsolving-nettsamfunn jobbar med å løyse ei drapssak i Spania, der ein australsk backpacker er offeret. Eit av medlemmane i gruppa kallar seg Astria, og meiner ho er nær ei løysing, før det vert heilt stille frå henne. Då kontaktar leiaren av gruppa Wisting, for å få hjelp. Det virker nemlig som om Astria held til i Stavern-området. Samtidig dukkar det opp ein forlatt bil med spanske skilt utanfor Larvik.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du du likar krim som tek for seg moderne fenomen.

(2021)

Les meir

Reklame
 

Jørn Lier Horst – KATHARINA-KODEN

katharinakodenWisting i sitt rette element

Nok ei uløyst sak for William Wisting. Det er 24 år sidan Katharina Haugen forsvann, og kvart år på denne datoen har Wisting besøkt mannen Martin Haugen. Men i år er også Martin tilsynelatande sporlaust borte.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi komboen Wisting og uløyste, gamle saker er heilt i di gate.

(2017)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – ILLVILJE

illviljeGamle skjelett dukkar opp att

Levningane etter ei ung jente vert funne Svartskog, og måten jenta er drept på, liknar på metodene til seriemordar Tom Kerr og hans medhjelpar «den andre». Kerr er i fengsel, og seier ja til å vere med på ein rekonstruksjon av eit av drapa han har begått, ute i felten. Men noko går gale, og Kerr klarer å stikke av, framfor nasa på Wisting.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Wisting og cold case-saker.

(2019)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – DET INNERSTE ROMMET

detinnersterommetEin potensiell politisk skandale

Den respekterte AP-bautaen Bernhard Clausen døyr, og det vert gjort funn på hytta hans, som potensielt kan vere skadeleg for ikkje berre partiet, men nasjonen. Williams Wisting er ein av få som vert sett på den topphemmelige saka, for å finne ut kva det eigentleg dreier seg om.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du krim som ser litt tilbake i tid.

(2018)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – NÅR DET MØRKNER

nårdetmørkner80tals-Wisting

William Wisting mimrer tilbake til den gongen han var fersk politimann, og fekk ei cold case-sak frå 20-talet som han måtte løyse. Eit slags dobbelt tilbakeblikk. Han finn ein bil med kulehol på ein gammal låve. Denne bilen var sentral i ei sak frå 20-talet som aldri vart løyst, og 80-tals-Wisting må leite i arkiva på gamlemåten, for å finne ut av det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for cold case-saker.

(2016)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – BLINDGANG

blindgangSolid Wistingkrim

Ei uløyst sak om ein forsvunnen drosjesjåfør plagar William Wisting, og når eit funn gjer at saka vert varm igjen, er han ikkje vond å be. Problemet er berre at gjerningsmannen dei nye funna peiker mot, har eit solid alibi; han sit i fengsel for eit drap i Kristiansand.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi bøkene om Wisting er blant dei aller beste norske krimseriene nokon gong.

(2015)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – HULEMANNEN

hulemannenEin av naboane til Wisting vert funnen død i heimen sin. Han har site der i 4 månader før nokon finn han. Line Wisting, journalist i VG, bestemmer seg for å skrive ein featurereportasje om einsemd, på bakgrunn av dette.

Samstundes dukkar eit nytt lik opp. Dette vert funne under eit tre i skogen, og analyser fører til ein ettersøkt mann. Ein svært ettersøkt mann, faktisk. Langt oppe på FBI si «Most Wanted»-liste. Så er spørsmålet; kva i granskauen gjorde han under eit juletre i vesle Norge?

(2013)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – JAKTHUNDENE

jakthundeneDenne gongen vert William Wisting suspendert på grunn av mistanke om fikling med bevis i ei 17 år gammal sak.

Rudolf Haglund har site i fengsel for bortføringa og drapet på den unge jenta Cecilia Linde. Men no ser det ut til at han vart dømt fordi nokon planta bevis.

Wisting prøver å finne ut av saka medan han er suspendert, medan dottera Line hamnar midt oppe i ei drapssak i Fredrikstad.

(2012)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – VINTERSTENGT

vinterstengtBok nummer 7 om William Wisting. Denne gongen er det ein død innbruddstjuv som vert funnen på ei vinterstengt hytte.

I ei parallell historie har dottera Line problemer i sambuarforholdet, og flytter til den gamle familiehytta, som ligg rett ved der den døde vart funnen.

Og i tillegg ramlar det døde fuglar ned frå himmelen, utan noka logisk forklaring

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/03/2014 tommar lier horst, narkotika, norge, oslo, politi, stavern

 

Jørn Lier Horst – BUNNFALL

bunnfallDen sjette boka om William Wisting.

I Stavern byrjar avkappa venstreføter å drive i land. Avkappa venstreføter i joggesko, og ingenting anna.

Politiet sjekkar funna opp mot nokre forsvinningssaker frå året før, og kjem over ei gruppe motstandsfolk som har holdt saman heilt fram til i dag.

Parallellt jobbar Line, journalistdottera til Wisting, med ei intervjuserie, der ho portretterer tidlegare drapsmenn, og lagar eit bilete av korleis straffa har påverka dei.

(2010)

Les meir