RSS

Kategoriarkiv: sundstøl

Vidar Sundstøl – RAVNENE

Den tredje boka i Minnesota-trilogien.

Lance Hansen har flykta frå bygda, fordi han er redd for kva broren Andy kan finne på.

Niesa til Lance, Chrissy vert også ein sentral skikkelse i denne avsluttande boka frå det norske miljøet rundt Lake Superior.

(2011)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/05/2011 tommar minnesota, norge, politi, sundstøl, usa

 

Vidar Sundstøl – DE DØDE

Kanskje den mest unødvendige krimboka eg nokon gong har lest. Usannsynleg uinteressant, og ein gedigen nedtur etter den gode førsteboka til Sundstøl.

Det var på førehand varsla ein trilogi, og denne andreboka kunne vore korta ned til under halvparten i lengde (og den er ikkje så lang i utgangspunktet heller) og vore brukt som eit fyrste kapittel i den neste boka.

Heile boka handlar om ei jakt, der brødrene Lance og Andy Hansen ligg og skular på kvarandre. Det er langdrygt, det er uinteressant, og ikkje minst, veldig unødvendig.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/10/2009 tommar jakt, minnesota, norge, politi, sundstøl, usa

 

Vidar Sundstøl – DRØMMENES LAND

Ei veldig spennande bok om det norskætta miljøet i Minnesota.

To unge norske menn er på padletur på Lake Superior, då den eine vert brutalt drept. Kameraten vert funnen i nærheita, naken og blodig.

Den lokale og norskætta politimannen Lance Hansen får ansvaret, saman med ein etterforskar som kjem over frå Norge.

I tillegg rullast det opp ei historie om norske nybyggarar og ein indianarhøvding som forsvann for mange år sidan, på same staden som nordmannen vert drept.

Dette er i følge forlaget, den fyrste boka i ei trilogi frå Lake Superior-området. Og akkurat det dreg nok litt ned heilheitsinntrykket, fordi den ikkje vert skikkelig avslutta.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/11/2008 tommar historisk, minnesota, norge, politi, sundstøl, usa