RSS

Kategoriarkiv: svindel

Steen Steensen Blicher – PRESTEN I VEJLBY

prestenivejlbyDen aller fyrste krimhistoria? 

Herresfogd Erik Sørensen får i oppgåve å etterforske om hans komande svigerfar, presten i Vejlby, har drept ein mann. Fleire vitner har sett Morten Bruus gå inn på prestegarden, men ikkje kome ut att. Og så vert liket av Bruus funnen ein stad der nokon meiner dei har sett presten grave.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på verdas aller fyrste krim.

(1829)

Les meir

Reklame
 

Georges Simenon – MAIGRET OG PETER FRA LATVIA

Storsvindlar i Paris

Maigret får beskjed via Interpol om at ein internasjonal svindlar er på veg til Paris. Maigret får eit glimt av ein som passar skildringa av mannen, i det han går av toget. Men før han får fulgt etter den mistenkte, vert han ropt inn på toget, der ein død mann vert funnen. Liket i kupeen passar også veldig godt til skildringa av «Peter frå Latvia».

Maigret finn mannen frå toget på eit hotell, der han har teke inn under eit anna namn. Etterforskinga av den døde fører Maigret til ein norsk mann som også stemmer til skildringa av Peter. Til slutt sit etterforskaren igjen med fire forskjellige identiterar som alle kan vere svindlaren.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vert nostalgisk av gammal krim, og ikkje er så nøye på at det går litt sakte.

(1931)

Les meir

 
 

Caroline Eriksson – DE FORSVUNNE

Sterk thriller

Greta, Alex og 4-åringen Smilla er på hyttetur. Ein kveld tek dei båten ut til ei øy, der Alex og Smilla går i land, medan Greta tek ein blund i båten. Når ho vaknar, har dei ikkje kome tilbake. Dei kjem aldri tilbake.

Greta finn ikkje telefonen, og tek båten tilbake til hytta, der ho finn telefonen i senga, men kan ikkje huske at ho har lagt den der.

(2017)

Les meir

 
 

Wilkie Collins – THE WOMAN IN WHITE

womaninwhiteDenne boka vert sett på som ein av dei aller fyrste krimbøkene. Den vart gitt ut i delar i 1859 og 1860.

Eit komplekst plott, der teiknelæraren Walter Hartright vert forelska i rikmannsjenta Laura Fairlie, som skal gifte seg med den eldre baronetten Percival Glyde. Hartright vert overtalt til å flytte frå godset der han lærer Laura og halvsystera Marian, og teikne.

Percival og Laura giftar seg, og eit turbulent ekteskap kuliminerer i pengekrise og Walter Hartright returnerer frå Amerika. Legg til ein karismatisk italiensk greve, ein sjukeleg verge og ein dobbeltgjengar, så har du eit komplekst persongalleri til ei tilsvarande historie.

(1859/60)

Les meir

 

Jo Nesbø – HODEJEGERNE

Nok ei bok som vart lest ut på to dagar på stranda i Italia.

Roger Brown er en hovudjeger, som skal finne passande folk til dei beste jobbane. Så dukkar det opp ein som er for god til å vere sann, før ting byrjar gå gale.

Nesbø prøver seg på ein ny karakter etter Harry Hole, og denne er veldig annaleis. Spennande start, men glir noko ut på slutten etter min smak. Twisten er litt for knapp til å vere truverdig. Ikkje på langt nær same kvalitet som Hole bøkene, men likevel eit pluss at Nesbø har lagt seg såpass langt unna sjangermessig.

Mykje bra, men heile settingen og stemninga med rike, vellukka finansfolk, er vanskeleg å setje seg inn i.

Likevel, heilt grei.

Her slår det meg likevel kor mykje bedre Kjetil Try skriv Jo Nesbø, enn Jo Nesbø sjølv…

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 24/06/2008 tommar kunst, nesbø, norge, oslo, svindel