RSS

Kategoriarkiv: teater

Ninni Schulman – NÅR ALLE KLOKKER HAR STANSET

nåralleklokkerharstansetNok ein seriemordar på den svenske landsbygda

Det vert sett opp teater i bygda, med den store skodespelaren som er oppvaksen her, samt ei gruppe lokale ungdommer. Ein av dei forsvinn, og vert funnen drept, flytande i ei sekk litt seinare. Litt seinare vert nok ein ungdom drept, denne gongen skoten, og Christer og Petra i det lokale politiet har hendene fulle. Lokaljournalisten Magdalena bruker å vere hjelpsom i slike saker, men denne gongen har ho sine eigne ting å stri med.

Dette er sjette bok i serien om Magdalena Hansson, dei fem fyrste finn du her:

Velkommen hjem
Jenta med snø i håret
Gutten som sluttet å gråte
Svar hvis du hører meg
Vår egen lille hemmelighet

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Ninni Schulman tidlegare har vist seg som ein drivende god spenningsforfattar.

(2019)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/01/2023 tommar politi, schulman, seriemordar, sverige, teater

 

Maria Lang – SE, DØDEN VENTER PÅ DEG

sedødenventerpådegMord i slottsteateret

Puck har vorte god venn med ein gjeng som skal sette opp Mozart-operaen Cosi Fan Tutte på Drottningholm Slottsteater. Det er gnisningar mellom dei store egoa allereie frå starten av, og det endar sjølvsagt med at ein av dei dukkar opp død, i ei kasse ein bruker for å lage tordenvér i operaen. 

Alle dei andre kan sjåast på som mistenkte, og utan Christer Wijk til å løyse det, kan det virke som om Puck sjølv kjem for nær inn på mordaren.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar lett og ledig samlebandskrim. 

(1955)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/08/2021 tommar 50-talet, lang, opera, stockholm, sverige, teater

 

Maria Lang – USKYLD OG ARSENIKK

uskyldogarsenikkLettbeint giftdrap

Puck Ekstedt har fått eit vikariat på samme skulen som Einar jobbar, men har ikkje jobba der lenge før ein av studentane vert forgifta under ei teateroppsetning. Nokon har hatt ekte gift i glaset til den kvinnelege hovudrolla.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for lettbeinte krimhistorier som ikkje stikk så djupt.

(1950)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/04/2021 tommar gift, lang, politi, skule, sverige, teater

 

Nordberg/Hagerup – SISTE AKT

sisteaktUnder ei oppsetjing av Hamlet på Nationaltheateret, vert det gnisningar mellom to av aktørane, mor og dotter, som begge har sentrale roller i stykket, men ikkje går overeins på grunn av hendingar i fortida. Likevel er mora bekymra for dottera, og ber skodespelar Niklas Faber, kjent frå fjernsynet som TV-detektiv, om å ha eit auge til henne.

Og det tek ikkje lang tid før Faber får bruk frå triksa sine som etterforskar på TV.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/08/2016 tommar nordberg, nordberg/hagerup, norge, oslo, teater

 

Stikkord: