Scotland Yard-inspektøren Alan Grant kjedar seg på sjukehus, der han er lenka til senga etter eit beinbrot. Venner og kolleger kjem innom med lesestoff, men det er ikkje før han ser eit bilete av Richard III at interessa vert vekka. Mannen som drap sine små nevøar for å overta den engelske trona er eit ukjent fjes, og Grant morer seg ved å la gjestane som kjem innom få beskrive ansiktet på portrettet. Dei som ikkje kjenner han igjen, meiner han ser ut som ein snill og flott fyr. Grant byrjar grave litt i kva folk faktisk veit om denne regenten, som er såpass hata av historikarane, og byrjar etter kvart å tvile på kjeldene.
The Daughter of Time vart i 1990 kåra til tidenes beste krimbok av britiske Crime Writers Association. På den amerikanske kåringa frå 95, er den på fjerdeplass.
(1951)