RSS

Kategoriarkiv: theils

Lone Theils – HEKSEGUTTEN

hekseguttenBarnebortføring i London

Nora Sand har blitt kontakta av ein nigeriansk professor som jobber med å avsløre Boko Haram og bortføring av barn i Nigeria. Professoren vert borte for Nora på ein kirkegard i London, og dagen etter vert han funnen drept og mishandla på same stad. Samstundes er ei dansk realitystjerne og ein russisk oligark i bitre skilsmisseforhandlingar i London, og sonen deira vert kidnappa av ei kvinne i burka. Nora, som er Globalt sin London-korrespondent, dekker begge sakene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar journalistkrim med fart og spenning. 

(2018)

Les meir

Reklame
 

Lone Theils – DEN BLÅ DIKTERENS KONE

denblådikterenskoneDrama på flukt

Ein kjend iransk diktar har flykta til Danmark saman med kona si, men på vegen har dei to kome frå kvarandre. Han er no trygt framme i Danmark, medan ho virkar å vere i England ein stad. Og då passar det jo perfekt at Nora Sand er London-korrespondent for ei dansk nettside, og ikkje framand for å løyse mysterier. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar journalistdetektivar og lune krimhistorier.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/01/2021 tommar danmark, england, flukt, forsvinning, theils

 

Lone Theils – JENTENE FRA ENGLANDSBÅTEN

jentenefraenglandsbåptenForsvinning til havs

Nora Sand er London-korrespondent for eit dansk magasin. Ein dag kjøper ho ein gammal koffert i ein bruktbutikk langs Englandskysten, og i den kofferten finn ho eit bilde av to danske jenter som forsvann sporlaust frå Englandsbåten i 1985. Ingen veit kva som skjedde med jentene, og Nora Sand bestemmer seg for å lage ei sak om dei.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar uløyste saker og nordisk og britisk krim i skjønn foreining.

(2015)

Les meir