RSS

Kategoriarkiv: trondheim

Hanne Gellein – ALLE FUGLER SMÅ

allefuglersmaaMange ingrediensar, skuffande måltid

I Trondheim vert fleire born drepne, og patologen Silje og den tatoverte og tøffe Luca, som ho nettopp har møtt, ser ein samanheng mellom dei, og tek opp jakta på dei skuldige. 

Dette er ei bok som har mange av dei rette ingrediensane i ein god krim, men kvaliteten på ingrediensane er så som så. Hemmelige nettverk, ingen å stole på, mørk fortid, ein mystisk, tøff, tatovert it-person med eit namn til forveksling likt Lisbeth Salander (Luca Stellander).

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for at andre er smartare enn politiet og løyser ei krimgåte. 

(2020)

Les meir

Reklame
 
 

Jørgen Brekke – AVGRUNNSBLIKK

avgrunnsblikkBlodfattig Singsaker

I denne boka er Odd Singsaker og Felicia veldig lite med, og det merkast. Men dei set i gong begivenheitene, når dei har booka seg inn på ei avsidesliggande hytte, dit dei må køyrast med scooter, og i det scooteren har forlete dei, og er utanfor rekkevidde, oppdagar dei ei død kvinne som heng frå takbjelkane. Historia tek oss inn i ei verd av wiccahekser, fosterheimar og hevn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for uryddige historier og wiccakunst.

(2017)

Les meir

 
 

Roar Ræstad – RAVNENS TIME

Punktum for Navarseth

To dagar etter ei luftangrep på eit tyskokkupert Trondheim, vert ein tysk offiser og NS-kjæresten hans funnen drept, og tyskerane skal la nokon betale for dette.

Gabriel Navarseth er meir pressa enn nokon gong, og det hjelp ikkje den gifte politimannen at den tyske elskerinna hans, Anna Rohne, dukkar opp i Trondheim igjen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historisk krim og er spent på korleis Gabriel Navarseth-trilogien ender.

(2018)

Les meir

 

Roar Ræstad – SOVENDE HUNDER

Fyrste om Gabriel Navarseth

Den fyrste boka i Gabriel Navarseth-trilogien. Elven er nummer to.

Ein lokal forretningsmann forsvinn, og politiet må finne ut om det er fordi han har samarbeida med tyskerane, eller fordi han har motarbeida dei.

Sidan Gabriel Navarseth snakkar flytande tysk, havnar han i ein skvis, som mellommann mellom det norske politiet, og den tyske okkupasjonsmakta. Gjennom etterforskinga opplever han stadig ubehagelige øyeblikk, då han må konfrontere høgståande tyskerar på deira eiga «heimebane». Og så hjelp det heller ikkje at han utviklar eit forhold til ei kvinne som er gift med ein tysk offiser ved austfronten.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er interessert i sterke serier, og dette er ein av dei bedre krimtrilogiane på ei stund.

(2014)

Les meir

 

Roar Ræstad – ELVEN

Svært imponerande krigshistorie

Gabriel Navarseth er motstandsmannen som motvillig må samarbeide med dei tyske okkupantane i jobben sin som statspoliti i Trondheim.

Ei kvinne vert funna død i Nidelva, og ho har eit Narvikskjold, som er ei tysk krigsmedalje, i hendene. Dette gjer at tyskerane også viser interesse for å få løyst drapet. Drapsofferet har også tilknytning til nokon i Navarseth sin nære krets.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar stilsikker historisk krim.

(2016)

Les meir

 
 

Jørgen Brekke – ALLE KAN DREPE

Skuffande Singsaker

Ei litt annaleis Odd Singsaker-bok. Han og Felicia er på nippet til å verte foreldre, då ein litteraturkritikar vert drepen. Drapet er ganske brutalt og bestialsk, og står i sterk kontrast med livet til den drepte Tore Harran.

Ei parallellhistorie fortel om fem nordiske venner som jobber ved eit sjukehus i Sverige ein gong på 90-talet, og det er vel ikkje HEILT utenkelig at me finn enten offer eller drapsmann blant disse.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest alle dei forrige Singsaker-bøkene, og ikkje vil ha eit hol i samlinga.

(2018)

Les meir

 

Jørgen Brekke – PARADISPLANETEN

Kaotisk historisk krim

Eit avhogd hovud vert funne på ei statue i Trondheim under russefeiringa, og ei ikkje heilt ulik sak dukkar opp i London.

Hovudet i Trondheim tilhøyrer ein utanlandsk mann som vert funnen drept i sitt eige hus på Strindheim. Sonen til mannen vert funnen utanfor huset.

Odd Singsaker og kona Felicia Stone har fått ei gammal bok av bibliotekarvenninna Siri Holm, og finn ut at den er veldig verdifull. Dei prøver å finne historia bak boka, samstundes som Singsaker prøver å finne ut om sakene i Trondheim og London har meir til felles enn dei avkappa hovuda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med litt fantastiske plott.

(2015)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/07/2017 tommar brekke, england, historisk, london, norge, trondheim

 

Jørgen Brekke – DOKTOR FREDRIKIS KABINETT

drfredrikiskabinettSærs god 1700tals-krim

Her tek Brekke oss med til Trondheim i 1769. Den overvektige og drikkeglade politimesteren Nils Bayer har tunge dagar fordi han har lova sin store kjærleik å halde seg vekk frå alkoholen. Likevel føler han ikkje at ho vil gi han valuta for avkallet.

Ei ung jente vert funnen død i skogen rett utanfor byen, og sjølv om politiet finn ut kven jenta er, så står dei utan spor.

Samstundes kjem den tidlegare legen i byen tilbake, etter å nærast ha vorte jaga bort frå byen eit år tidlegare. No er han tilbake, og søker om løyve til å halde ei forestilling med ein mystisk karakter som kan sjå inn i framtida.

Ei svært stemningsfull og litt dyster bok frå Jørgen Brekke. Interessant, spennande og svært lesevennleg. Denne les du ut utan å klare å legge den frå deg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du Singsaker-bøkene, og vil finne ut kva anna Jørgen Brekke kan by på.

(2014)

Les meir

 

Jørgen Brekke – MENNESKETS NATUR

menneskets naturDen litt forvirrande tredjeboka?

Den tredje boka om politimannen Odd Singsaker frå Trondheim.

Denne gongen er historia litt annaleis bygd opp, eit slags samansurium av lause tråder, og hopping fram og tilbake i tid. Til tider vert det litt i meste laget.

I forrige bok forsvann kona til Singsaker til Oslo, utan at han visste kvifor. Denne gongen er ho på veg tilbake til Trondheim, men forsvinn ein stad på vegen. Samstundes vert ein mann drepen i ein butikk i Oslo, og noko seinare skjer det ting på øya Hitra.

Kan det vere tilfeldig?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest dei to fyrste, og er klar for meir Odd Singsaker-krim.

(2013)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 10/03/2013 tommar brekke, forsvinning, politi, trondheim

 

Jørgen Brekke – DRØMMELØS

Høgt nivå i Trøndelag

Så var me tilbake på riktig spor igjen. Den andre boka til Jørgen Brekke, om politimannen Odd Singsaker i Trondheim.

Ei ung jente vert funnen død i snøen. På magen har ho ein speledåse med ei ukjend vuggevise, og nokon har fjerna strupa hennar.

Nyopererte Singsaker vert sentral i å nøste opp saka.

Parallellt går ei historie om Trondheim for nokre hundre år sidan, der ein svensk trubadur vart funnen drepen i fjøresteinane.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du lot deg imponere av den fyrste Brekke-boka, og vil ha meir.

Kjøp boka på nett.

(2012)

Les meir