Komplekst og spennande
Gabe er på veg heim frå jobb, då han får auge på dottera Izzy i baksetet på ein framand bil. Han følger etter bilen til han mister den, men har ikkje batteri på telefonen, så han får ikkje ringt heim før han må stoppe. Då får han beskjed om at kona og dottera er drept av nokon som har brote seg inn i huset. Han prøver å overbevise politiet om at han nettopp har sett dottera.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar intrikate historier, med mange tråder i aust og vest.
(2020)