RSS

Kategoriarkiv: tyskland

John Dickson Carr – CASTLE SKULL

castleskullInternasjonal gjeng på slottet

Den Hamlet-elskande skodespelaren Myron Allison vert drept i det gamle slottet «Schloss Schadel» eller Castle Skull, som ligg ved bredda til Rhinen, nær Koblenz i Tyskland. Slottet var tidlegare eigd av den eksentriske og mørke tryllekunstnaren Maleger, før han drukna i elva nokre år tidlegare. Henri Bencolin vert henta inn for å finne ut kva som skjedde med Allison, men dei underlege hendingane tek ikkje slutt av den grunn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein kontinental krim med internasjonalt galleri er rett opp di gate.

(1931)

Les meir

Reklame
 
 

Jussi Adler-Olsen – OFFER 2117

offer2117Kompleks og bekmørk

Ein spansk journalist tek turen til Kypros for å lage ei sak om båtflyktningar. Han tek bilde av ein død flyktning som er skylt i land, men seinare viser det seg at kvinna ikkje har drukna, men er drept. I København kjenner Assad igjen kvinna på bildet, og ein gamer som liker seg best innelåst på gutterommet, vert besatt av talet på omkomne på Kypros. 

Alt kokar saman til eit dystert kappløp mot tida, som tek oss gjennom store delar av Europa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og er spent på Assad si historie.

(2019)

Les meir

 

Axel Kielland – FARLIGE HVETEBRØDSDAGER

farligehvetebrødsdagerKrigsthriller

Under eit bomberaid over Berlin i 1944, møter den svenske forretningsmannen Gösta Bergström ei amerikanske kvinne, Ann Dickson. Det viser seg at ho er ein amerikansk spion, som ikkje rakk å kome seg ut i tide, og deretter har budd under jorda. Bergstrøm bestemmer seg for å hjelpe henne ut, og gjennom eit proforma-ekteskap håper han å kunne ta henne med heim til Sverige som kona si, men ting er aldri så enkelt.

(Sidan dette ikkje er ein krim, får den heller inga karaktervurdering)

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for spenningsforteljingar frå krigens dager.

(1944)

 
 

Thomas Enger, Jørn Lier Horst – ARR

arrEin innsidejobb

Alexander Blix sit i fengsel for drap, men ei etterforsking på utsida får bruk for hjelpa hans. Ein tysk drapsmann har rømt, og har etter alt å dømme kome seg til Norge. Journalisten Emma Ramm vert bindeleddet mellom han og omverda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim der helten må ordne opp frå innsida av fengselet.

(2022)

Les meir

 
 

Val McDermid – SISTE FRISTELSE

sistefristelseCarol og Tony på Europa-eventyr

Ein seriemordar tek livet av eksperimentelle psykologar rundt om i det nordlege Europa. Etter at ein kollega av Tony Hill vert drept, reiser han til Tyskland for å bistå, medan Carol Jordan allereie er i landet for å jobbe med ei anna sak. Nok ein gong vert vegane deira kryssa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du Tony og Carol er ditt favorittpar i påskekrimmen. 

(2002)

Les meir

 

Ken Follett – NÅLEN

Alle agent-thrillerar si mor

Ein tysk spion i England må flykte, etter at han vert ferska av husvertinna si i det han skal sende ei hemmelig melding til Tyskland, og må drepe henne.

Under krigen er han den einaste gjenverande tyske spionen som britane ikkje har fått over på si side, eller teke livet av. Og til alt overmål avslører han ein gigantisk bløff, som kan gi tyskarane svaret på kvar dei allierte vil gå i land i Frankrike på D-Dagen. No må han berre rekke til Aberdeen, og komme seg ombord i ein tysk ubåt, og få overlevert informasjonen, før han vert stoppa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er ein sucker for spionkrim frå krigen, og då er dette kanskje sjølve moderskipet.

(1978)

Les meir

 

Lars Kepler – LAZARUS

I overkant

Ein mann vert funnen død i Oslo, og i leiligheita til mannen finn politiet ein hovudskalle i ein frysar. Dette viser seg å tilhøyre den avdøde kona til Joona Linna.

Litt seinare dukkar eit lik opp i Tyskland, og Joona Linna vert henta ned av det tyske politiet, fordi dei har ein link mellom liker og Joona.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar at det er mykje gørr og eksplisitte grusomheiter i krimbøkene dine.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/12/2019 tommar kepler, oslo, politi, stockholm, sverige, tyskland

 

Øvre Richter Frich – DE SORTE GRIBBER

Jonas Fjeld flyg igjen

Denne fjerde boka i serien startar med at ein stor folkefest på Karl Johan vert angripen av «de sorte gribber», dei svarte flya til den internasjonale anarkistrøyrsla.

Legen Jonas Fjeld er nok ein gong i kamp mot anarkistane som vil ta over Europa. Denne gongen er det sonen til Francois Delma, Jacques, og den tyske storskurken Josias Saimler som er motstandarane.

Dei svarte gribbane skaper uro over heile Europa, men heldigvis har den vesle finnen, Ilmari Erko, laga eit heilt fantastisk fly, som kan ta opp kampen.

Det seiast at dette skal vere ei av dei beste bøkene om Jonas Fjeld, men er ikkje heilt sikker på om det stemmer.

(1913)

Les meir

 
 

Frank Schätzing – SVERMEN

Ein ny mark vert oppdaga på botnen av nordsjøen. Ein fiskar forsvinn i havet utanfor Sør-Amerika. Kvalar angrip turistar ved kysten av Alaska.

Verda går under, og me vert angripne av vesen frå havbotnen.

Til tider veldig bra, til tider veldig fagleg, og til andre tider igjen; ikkje so realistisk. Alt i alt er den OK, men det vart mykje skumming gjennom sider når det vart for mykje fagprat om olje og hav.

Ein liten kuriosa her, er at sjølv om forfattaren er tysk, så er hovudpersonen, Sigur Johanson, frå Trondheim, og mykje av handlinga er frå Trondheim, Kristiansund og Averøya.

Den tjukkaste boka eg har lest. Ca 1000 sider, med som sagt, mykje skumlesing.

PS: Etter at eg hadde lest denne boka, har det med jamne mellomrom dukka på saker i avisene som har med havet, sjeldne funn, døde fiskar, forsvinningar etc å gjere, som kunne glidd rett inn i boka.

(2004)

Les meir