RSS

Kategoriarkiv: uløyste saker

Ann-Christin Gjersøe – JERNJOMFRUEN

jernjomfruenTidvis spennande, men…

Aller fyrst, ei krimbok om ein journalist med draumar om å verte forfattar, som snublar over ei krimgåte, er eit såpass godt brukt utgangspunkt at forfattaren kanskje allereie her legg lista for originalitet litt for høgt for seg.

Her er det mykje som skal gapast over. Ei kvinne forsvinn i Tønsberg i 1981, og dukkar aldri opp att. Ein nabogutt er lenge mistenkt, men vert aldri dømt, anna av kanskje naboane. 30 år seinare forsvinn fyrst ein forfattar som skriv utleverande om eit lukka sekt-miljø, og deretter ei kvinne til. Journalisten Ida ser på dei to nyaste sakene, og finn tråder som går tilbake til beslaglagte jødiske eigendelar frå krigen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim med mange lause trådar som forhåpentligvis skal samlast. 

(2014)

Les meir

Reklame
 

Yukito Ayatsuji – THE DECAGON HOUSE MURDERS

Japansk Agatha Christie-mysterie

I ein japansk versjon av «Then they where none», reiser 7 venner og medlemmer av samme krimklubb til Tsunojima, ei fråflytta øy, der den forrige eigaren vart drept eit halvt år tidlegare, saman med kona og andre. Huset brann den, men eigaren, ein eksentrisk arkitekt, fekk bygd eit tikanta (decagonal) anneks, der dei 7 studentane no skal bo. Men, hey presto (direkte sitat frå boka), trur du ikkje nokon byrjar å drepe dei, ein etter ein?

Oppdaga denne boka i ein artikkel om the Golden Age, krimbøkene som vart skrive på 20- og 30-talet, med særskilde reglar og meir. Denne boka kom i 1987, og Ayatsuji (pseudonym for Naoyuki Uchida) var med på å starte ei bølge av krimbøker som holdt seg til Golden Age-reglane, i Japan.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar bøker frå den gyldne æraen, og lurer på korleis dei er i Japan. 

(1987)

Les meir

 
 

Agatha Christie – OG DERMED VAR DET INGEN

dermedvardetingenDen største av dei alle?

Kanskje? I alle fall ein av dei heilt store Agatha Christie-klassikarane, og i følge wikipedia den mest solgte krimboka nokon gong. 

Åtte personar kjem til ei øy utanfor kysten av Devon, og alle har vorte personlig invitert hit av ein person dei ikkje er heilt sikre på kven er; Ulick Norman Owen og Una Nancy Owen. På øya vert dei tekne i mot av butleren og husholdersken, som fortel at verten og vertinna ennå ikkje har dukka opp. På romma til kvar enkelt heng eit gammalt barnerim, og når alle er samla etter middag, spelar ein grammofon av ei plate, der kvar av dei åtte, samt hushaldersken og kokken, vert beskulda for på eit eller anna tidspunkt å ha drept nokon. Så fell ein av dei om død, etter å ha drikke ein drink der det er spor av cyanid. Så er me i gong. 

På grunn av den rasistiske originaltittelen (1939), og den ikkje så mykje bedre andretittelen (1964), så har boka måtte skifte namn to gonger i Storbritannia, og heiter i dag «And then there where none.» I USA var dei derimot litt meir framsynte, og ga boka det namnet ved fyrste utgivelse, allereie i 1940, medan dei i England venta med dette til 1985.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på kvifor akkurat denne står ut som ein bauta i krimlitteraturen.

(1939)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – NATRIUMKLORID

Hevnens danske engel

Etter at ei kvinne tek livet av seg, vert Carl Mørck og Avdeling Q kontakta av sjefen sin, Marcus Jacobsen, som 32 år tidlegare jobba med ein eksplosjon som tok livet av barnet til kvinna. Jacobsen har aldri kunne slå seg til ro med at dei ikkje fann ut kva som skjedde den gongen.

Avdeling Q kikar nærare på saka, og finn ut at det vart funne salt på åstaden, noko som også dukkar opp i ei anna uoppklart sak, eit drap. Kan det ha ein samanheng?   

Samstundes er ei gruppe kvinner ute for å straffe folk som gjer tilsynelatande enkle små feil i det daglige livet.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og dei stadig meir overdrivne plotta til Adler-Olsen.

(2021)

Les meir

 

Agatha Christie – THE SEVEN DIAL MYSTERY

sevendialsmysteryAltfor komplisert på Chimneys

Me er tilbake på Chimneys, der eigaren Lord Caterham har leigd ut herregården til eit ektepar som underheld gjestar der. Ein av gjestane, Gerry Wade, er kjend for å forsove seg, og dei andre bestemmer seg for å spele han eit puss. Dei plasserer 8 vekkerklokker på rommet, alle innstilt på forskjellig tidspunkt. Men neste morgon finn dei Wade død.

Etter at Caterham og dottera, Lady Eileen «Bundle» har flytta tilbake, er ho på veg til London i bil, då ein mann hoppar fram for bilen hennar, og døyr. Før han døyr seier han noko om «seven dials» (urskiver), og nemner namnet til Jimmy Thesiger, ein av dei som var på godset då Wade døde. Det viser seg at mannen er Ronny Deveraux, også han ein av gjestane, og det viser seg at det ikkje var kollisjonen som tok livet av han, men at han vart skoten. Det viser seg at Seven Dials er ein klubb, og at det der er 7 medlemmer som kler seg ut med urskiver, og at Bundle har rota seg langt inn i denne suppa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Agatha Christie, men er litt lei av Miss Marple og Poirot?

(1929)

Les meir

 
 

Agatha Christie – ELEPHANTS CAN REMEMBER

elephantscanrememberPoirot si siste store sak

Dette er den siste romanen Agatha Christie skreiv om Hercule Poirot. Det kom ut ei bok seinare, men den var skriven mange år tidlegare. 

Forfattaren Ariadne Oliver vert kontakta av Mrs Burton-Cox, som har ein son som er forlova med Celia Ravenscroft, som er guddattera til Oliver. Ho stiller spørsmål rundt det som skjedde då foreldra til Celia døde, 12 år tidlegare. Det vart antatt at dei var snakk om dobbelt sjølvmord, eller drap og sjølvdrap, men kan det ha vore dobbeltmord? Ariadne Oliver kontaktar Hercule Poirot for å kome til botns i saka. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi det er Poirot.

(1972)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/10/2022 tommar christie, england, poirot, uløyste saker

 

Harlan Coben – LIVSTEGN

livstegnKrimthriller i sportsverda

Den fyrste boka i serien om sportsagenten Myron Bolitar. Bolitar har fått sin fyrste store klient, basketballtalentet Christian Steele, som alle meiner er den neste store. Steele har klart seg gjennom ei tøff tid, etter at kjæresten hans forsvann sporlaust, og er antatt død. Så ringer ho plutselig til Steele, og verda vert snudd opp ned. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Harlan Coben truleg er tidenes beste spenningsforfattar, og du er spent på korleis han takler sportskrim. 

(1995)

Les meir

 
 

Arnaldur Indridason – JENTA VED BROEN

jentavedbroenEin god Konrad-krim

Den andre boka om Konrad, ein pensjonert islandsk politimann. Denne gongen er det eit eldre ektepar som tek kontakt, fordi dei er bekymra for barnebarnet Danni, som har forsvunne, etter å ha rota seg bort i narkotikasmugling.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du anerkjenner Indridason som ein av verdas beste krimforfattarar. 

(2018)

Les meir

 

Mary Higgins Clark – I´VE GOT YOU UNDER MY SKIN

ivegotyouundermyskinLaurie Moran begins…

Dette er den fyrste boka om Laurie Moran, som ikkje har kome på norsk, og som heller ikkje er skrive saman med medforfattar Burke, så vidt eg kan sjå. Mannen til Laurie er drept, og mordaren, som har trua både henne og sonen Timmy, er framleis på frifot. Laurie jobbar med sin fyrste true crime her, om sosietetskvinna Betsy Powell, som vart funnen drept 20 år tidlegare, same kveld som ho arrangerer eksamensfest for dottera og venninnene. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du bøkene om Laurie Moran, og vil vite korleis det starta. 

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 30/08/2022 tommar higgins clark, tv, uløyste saker, usa

 

Mary Higgins Clark & Alafair Burke – BRUDEN SOM FORSVANT

brudensomforsvantBrura blei lura?

Ny sak for Laurie Moran og Alex Buckley i «Under mistanke». Denne gongen er det Amanda Pierce som forsvinn rett før bryllupet sitt. Ho skal gifte seg med kjærasten frå studietida, etter å ha kjempa seg gjennom ei tøff sjukdomsperiode. Ho har også skrive over ei arv på han, rett før bryllaupet. Seinare har den forlatte brudgommen Jeff gifta seg på nytt, med Megan, bestevenninna til Amanda. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du leste den fyrste og likte den, og vil ha meir i samme gate. 

(2015)

Les meir