RSS

Kategoriarkiv: undercover

Agatha Christie – THEY CAME TO BAGHDAD

theycametobaghdadEin sirup av ein thriller

Det er krim Agatha Christie er best kjent for, og her merkar ein kvifor. For på trass av gode omtalar då den kom ut i 1951;  i denne thrilleren går det altfor sakte, det er for lite action, og det er nesten aldri spennande. 

Den unge, nyleg arbeidslause Victoria Jones, har gjort lystløgn til ein kunst, då ho møter den spennande Edward i London. Men dessverre skal Edward reise til Bagdad innen kort tid. Victoria veit ikkje ein gong etternavnet hans, men bestemmer seg for å følge etter han, og bruker alle sine svindlande kunster for å få det til. 

I Bagdad er det som skulle vere eit superhemmelig møte mellom stormaktene no allmen kjent, og ei gruppe planlegg å sabotere møtet. Victoria hamnar midt oppe i dette då ho kort tid etter ankomst, ender opp med ein død mann på hotellrommet sitt.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein er nysgjerrig på korleis ein thriller frå Agatha Christie er.

(1951)

Les meir

Reklame
 
 

Roslund & Hellström – TRE SEKUNDER

tresekunderEkstrem fengselsspenning

Piet Hoffmann er ein tidlegare kriminell som jobbar undercover for politiet, for å infiltrere eit kriminelt polsk nettverk som opererer i Sverige. Han lever eit dobbeltliv, med familie på den eine sida, og tungt kriminelle på den andre. Plutselig hamnar han i ein situasjon der den einaste redninga er å gå inn i fengsel, med lovnad frå høgste hold i Sverige, om at han skal hentast ut når det vert for heitt. Men kva skjer når lovnaden ikkje vert halden, og du er innesperra åleine med dei farligaste fangane i landet?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi denne boka verkeleg sette Roslund & Hellström på verdenskartet som krimforfattarar.

(2009)

Les meir

 

Joseph Knox – SIRENENE

Uinspirerande undercoverkrim

Politietterforskar Aidan Waits i Manchester har vorte suspendert, men får ein sjanse til; han må infiltrere eit narkomiljø for å få ut dottera til ein minister, som har rømt dit.

Men undervegs går det galt, og Waits byrjar lure på om historia til ministeren held vatn. Når alt skjer seg, så opplever han at dei som sende han inn på undercoveroppdraget, vender han ryggen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du undercoverspenning i narkomiljø.

(2017)

Les meir

 

Tana French – LIK

Etterforskaren Cassie Maddox vert tilkalla til ein åstad for eit mord, fordi drapsofferet er prikk likt ho sjølv, og i tillegg går under namnet Lexie Madison, eit namn Maddox sjølv brukte som infiltratør (hvis det er eit ekte ord).

Maddox må dermed infiltrere miljøet offeret levde i, for å finne ut kven ho er, og kven som er drapsmannen eller drapskvinna.

I utgangspunktet ein veldig spennande tanke, men måten det vert løyst på her, er alt anna enn spennande.

Var så sikker på at eg hadde lest ei bok av Tana French tidlegare, men kunne ikkje finne den nokon stad, før det viste seg at den fyrste boka hennar, Skogen, er den einaste krimboka eg har byrja på, men lagt frå meg, fordi den har vore så kjedelig… Synd eg ikkje var klar over det før eg kjøpte denne.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 10/08/2012 tommar french, irland, politi, undercover