RSS

Kategoriarkiv: ungdom

Graham Greene – BRIGHTON ROCK

brightonrockSeigt sør-engelsk godteri

Charles (eller Fred) Hale er på oppdrag frå avisa han jobbar i, då han vert drepen i Brighton. Ida Arnold, ei tilfeldig kvinne han møtte samme dag som han vart drepen, får høyre at han døydde av naturlege årsaker, men er fast bestemt på å bevise at det ikkje stemmer.  

Den 17-årige gjengleiaren Pinky Brown som står bak drapet, gjer kva han kan for at Ida ikkje skal avsløre han, og går så langt som til å gifte seg med eit vitne, for å unngå at ho skal seie noko. Men Ida har ingen planer om å gi seg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim av svært gammal årgang.

(1938)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/02/2022 tommar 30-talet, brighton, england, gjeng, greene, ungdom

 

S.J. Bolton – HÅNDVERKEREN

håndverkerenKalde saker som ikkje er kalde

På slutten av 60-talet fanga seriemordaren Larry Glassbrook tenåringar, og begravde dei i heimelaga kister, saman med ein liten figur av leire. 

No er Glassbrook død, og etter å ha vore i begravelsen hans, bestemmer etterforskar Florence Lovelady, som arresterte han for 30 år sidan, seg for å besøke det gamle huset hans. Der finn ho ein figur i leire, som virkar å vere mykje nyare enn dei 30 åra Glassbrook har vore fengsla, og ikkje minst – den ligner på henne sjølv.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim med litt pirrande uhygge. 

(2018)

Les meir

 

Roslund & Hellström – TO SOLDATER

tosoldaterHardbarka ungdomsmiljø

To kriminelle barndomsvenner, som ser på kvarandre som si einaste familie. Frå dei var små, har dei drømt om å vere på politiet si liste over dei mest ettersøkte i Sverige. No er dei der. På toppen av ein gjeng med barn og unge, som har som einaste mål i livet å verte ein god kriminell.

Den eine er i fengsel, den andre på utsida. Dei har framtidsplanane klare, men i siste liten kjem noko i vegen for den eine.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar rå og hard ungdomskrim i litteraturform.

(2012)

Les meir

 

Anders de la Motte – HØSTDÅD

Krimforteljing i verdsklasse

Fem ungdommar feirer at skulen er ferdig, og at dei skal i gong med vaksenlivet. Dei teltar ved ein ulovleg badeplass i eit nedlagt steinbrot, og snakker om alle framtidsplanane.

Morgonen etter ligg ein av dei og flyt død i vatnet. Det vert fastslått at det er ei ulukke, men familien til den døde nektar å slå seg til ro med dette. Og 27 år seinare prøver mora til den døde å overtale den nye politisjefen Anna Vespe til å ta opp gien saka. Den erfarne politietterforskaren, som nærast har måtte flykte frå si tidlegare stilling, merkar at ho får resten av bygda mot seg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi den har alt: Ei fantastisk historie, solid persongalleri og trådar som vert nøsta opp på elegant vis.

(2017)

Les meir

 

Torkil Damhaug – EN FEMTE ÅRSTID

Mesterverk på samleband

Ein fabrikk knytta til skrekkhistorier frå fortida er sentral i denne historia, der fire venner starter ei rekke uheldige hendingar, då dei stenger inne ein klassekamerat i fabrikken. Ein klassekamerat som har ein far som har sona 11 år i fengsel for drap på kona si.

Ikkje lenge etter er to av ungdommane døde, og ein annan forsvunne. Bjørn Lindbekk er politi og far til den forsvunne jenta, og reiser frå Oslo til Hammersdal (Romerike) for å finne ut kva som har skjedd med ungdommane.

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/08/2017 tommar damhaug, gamle dagar, norge, ungdom

 

Ann Cleeves – SVART SOM RAVNEN

svartsomravnenDette er den fyrste boka om Jimmy Perez, politimannen på Shetland, som seinare har vorte filmatisert. (Har sett serien av akkurat denne boka, som var bra, men langt unna boka)

Ei ung jente vert funnen død på ei strand på Shetland. Kvelden før har ho vore på besøk hos ein lokal original som bor like ved. Han har vore mistenkt i ei forsvinningssak tidlegare, og vert umiddelbart ein naturleg mistenkt igjen.

(2006)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/04/2015 tommar cleeves, forsvinning, politi, shetland, ungdom