RSS

Kategoriarkiv: vinter

Camilla Läckberg – SNØSTORM OG MANDELDUFT

snøstormogmandelLukka rom frå Läckberg

Rikmannsfamilien Liljecrona samlast til slektstreff på ei øya Valö, utanfor Fjällbacka. Politimannen Martin Mollin er med, saman med kjæresten Lisette Liljecrona. Familiens upopulære og frykta eldstemann Ruben har samla slekta, og etter ein trussel om å gjere alle arvelause, ramlar han sjølvsagt død om under middagen. Truleg forgifta. Ein storm har avskore øya frå fastlandet, så Martin må ordne opp åleine her ute, medan dei ventar på assistanse. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på korleis det går når Läckberg prøver seg på noko Agatha Christie-liknande. 

(2010)

Les meir

Reklame
 

Arne Dahl – INNLAND

Polert krim som ikkje rykker nok i foten

Sam Berger og Molly Blom er på flukt frå ein konspirasjon som går heilt til toppen i det svenske politiet. Dei har gått i skjul i det snødekte Lappland, og Sam Berger har fått hukommelsestap.

Når Desiré «Deer» Rosenkvist tek kontakt med dei, for å få hjelp med ein ny seriemordar som har spesialisert seg på å drepe mødre og dei små sønane deira, ser Molly ei muligheit til å kome seg tilbake til samfunnet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar heseblesande skandinavisk action-krim.

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/12/2019 tommar dahl (arne), seriemordar, snø, sverige, vinter

 

Hans Olav Lahlum – SPORVEKSLINGSMORDET

Mord i skiløypa

Etter lukka rom-mysteriet på Sørlandet, er K2 og Patricia no attende i Oslo, der eit ungt skitalent har vorte drept på siste etappa av ein stafett.

Etterforskinga av drapet på eit av landet største skitalent, Ingeborg Hole Samuelsen, avdekker eit breidt spekter av mulige kandidatar rundt offeret, som var adoptivbarn.

Lahlum er glad i å drysse rikelig med hint til tittelen i bøkene sine, og i denne vert det litt i meste laget. Ei av dei svakaste K2-bøkene på lenge, om ikkje den svakaste.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/05/2019 tommar lahlum, norge, oslo, ski, skog, vinter

 

Mons Kallentoft – MIDTVINTERBLOD

Ein naken mann vert funnen hengd i eit tre på eit snøfyllt jorde, midt på vinteren i Linköping. Det kan minne om ei ofring frå gamle dagar.

Ei bok som er veldig hausa, med terningkast 5 på framsida, og sitatet «aldri kjedelig. Ikke et sekund,» underteikna Ingvar Ambjørnsen.

Personleg må eg seie dei fyrste 100 sidene er noko av det verste eg har lest. Det er treigt, ingenting skjer, og sjølve saka vert ikkje gjort spennande i det heile tatt. I tillegg har me ein etterforskar som tenker på same måte som ein ungdomskuleelev skriv lyrikk på norsktentamen. Eit mislukka forsøk på å vere djup og kunstnarisk, med abstrakte og uforståelege setningar. Terningkast null. Og, gløymde eg å nemne det? Eit lik som heng i treet og kommenterer på dei som jobbar under seg…

Det tek seg heldigvis litt opp utover, men dessverre ikkje nok til å berge den begredelige starten.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 02/06/2012 tommar kallentoft, linköping, politi, sverige, vinter

 

Ninni Schulman – JENTA MED SNØ I HÅRET

Magdalena Hansson flyttar tilbake til heimbygda Hagfors etter ei skilsmisse, saman med sin 6 år gamle son. Ho tek over som redaktør i lokalavisa, og ser fram til å jobbe med å dekke basarar og barnehageutflukter.

Men så forsvinn ei ung jente på nyttårsaftan, og ikkje lenge etter vert ei ung jente funnen drept. Er det den same jenta?

Nok ein drivande og god krim frå den svenske landsbygda. Schulman skil seg nok litt frå sine kolleger, med å vere litt mindre stemningsfull i miljøskildringane, men desto meir detaljert om grove overgrepshandlingar.

Men boka vart lest i løpet av tre kveldar, og kan fort verte ein av dei store påskehitane i år.

Her kan du kjøpe boka.

(2010)

Les meir

 
3 kommentarar

Posta av den 14/03/2012 tommar hagfors, journalist, schulman, sverige, vinter

 

Stef Penney – I ULVENS SKYGGE

Me er ein gong midt på 1800-talet i Canada. Ein einstøing som brukar å handle med pelsjegrar vert funnen drepen og skalpert i hytta si.

Samstundes forsvinn ein 17 år gammal gut frå bygda, og alle reknar med det er på grunn av at han er gjerningsmannen.

Mora hans er ikkje i tvil om at sonen er uskuldig, og prøver å finne han før politiet finn han.

(2008)

Les meir

 
 

Anne Holt – 1222

Anne Holt skriv påskekrim på sitt aller beste frå fjellet på Finse.

Politibetjent Hanne Wilhelmsen er på veg til Bergen, då ein snøstorm gjer at toget sporar av på Finse, og lokføraren døyr. Dei nesten 300 passasjerane må innkvarterast på hotellet 1222.

Der vert ein mann myrda, ein kjendisprest, og Wilhelmsen må finne ut kven av dei andre passasjerane som har teke livet av han.

I tillegg går det rykter om at det var ei ekstra vogn på togsettet, muligens kongevogna, og i den øverste leiligheita på hotellet bor det nokon som har væpna vakter til å passe på seg.

Her får du verkeleg påskekjensla, i eit typisk lukka-rom-mysterie a la Poirot.

(2007)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – VOICES

Voices, eller Røsten på norsk, er den tredje boka som har vorte oversett til norsk. No kjøpte eg den i Skottland før den kom ut i Norge, så det vart på engelsk. Og det angra eg på, for oversettelsen var elendig. Barneskuleengelsk. Sjølv om boka var spennande, så drog den elendige oversetjinga ned.

Ein julenisse vert funnen død, med buksa på knea, i kjellaren på eit av dei største hotella i Reykjavik. Det viser seg at han er tidlegare barnestjerne, med ei røyst utanom det vanlege.

(2002)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 20/02/2007 tommar erlendur, indridason, island, jul, politi, reykjavik, vinter