RSS

Kategoriarkiv: virus

Matthew Hall – UTVALGT TIL Å DØ

utvalgttilådøVirusjakt i Bristolområdet

Dette er bok nr 5 i serien om Jenny Cooper, og altså boka som kom rett før Spor i Aske. Ein mann vert funnen død, og det ser ut til at han har hoppa frå ei bru. Når Jenny Cooper ser på kva den døde har gjort dei siste dagane før sin død, finn ho ting som kan knytte han til ei ung jente som døde like etter, av ei aggressiv form for hjernehinnebetennelse, meir aggressiv en ein har sett i Storbritannia tidlegare. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein god thriller med bra driv og ein spennande hovudperson.

(2013)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/01/2021 tommar bristol, england, hall, politi, rettsmedisiner, virus

 

Ingar Johnsrud – KALYPSO

Krim i verdensklasse

I eit hus på Bygdøy, vert ein mann funnen død. Den gamle enka som bor i huset, er det ikkje spor etter. Etter kvart viser det seg at mannen dei har funne, vart erklært død for 20 år sidan.

Samtidig vert ein annan mann funnen død ein annan stad i Oslo, og det er eit tett band mellom dei to, og ein mann som framleis er i live.

Kan fort vere ei av dei beste norske krimbøkene eg har lest

(2016)

Les meir