RSS

Kategoriarkiv: wales

Matthew Hall – DE DØDES STEMME

De dødes stemmeEin lovande start i Wales

Den fyrste boka om Jenny Cooper, som er nyskilt, og har flytta over grensa til landsbygda i WalesHo får ein trøblete start i den nye jobben som likskuedommar, når ho får ei sak der der to ungdommar døyr, og begge har vore innom samme ungdomsfengsel. Det er vanskelig å finne ut av omstenda rundt det som har skjedd, i så stor grad at det kan virke som om nokon bevisst prøver å dekke over noko.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kalde saker, oppnøsting av trådar, og David mot Goliat.

(2009)

Les meir

Reklame
 
 

Clare Mackintosh – JEG LAR DEG GÅ

Ein fem år gammal gut vert påkøyrd og drept i Bristol, og sjåføren stikk av. Det einaste vitnet er mor hans, som slapp handa rett før han sprang ut i vegen.

Omgivelsane minner Jenna for mykje om ulukka, og Jacob som døydde, og ho forlet Bristol og flyttar til ei avsidesliggande hytte ved kysten i Wales.

Men sjølv ikkje her klarer ho ikkje å gløyme, og i det livet byrjar å normalisere seg nokon lunde, vert ho påminna det som skjedde.

Av dei 9 krimbøkene hittil i år, er dette heilt klart den beste.

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/04/2017 tommar barn, england, kystliv, mackintosh, politi, wales

 

Malcolm Pryce – FROM ABERYSTWYTH WITH LOVE

Nok ei bok i serien om den walisiske noir-detektiven Louie Knight. Dette er nummer 5 i rekka. Har hatt den liggande i bokhaugen ei stund, og ikkje kåra meg til å lese den før no. Det er ikkje til å tru kva 4 veker på eit ungarsk hotell gjer med leselysta…

Denne gongen får han ein utanlandsk klient, nærare bestemt Uncle Vanya, som kjem frå den ukrainske byen Hughesovka. Det få veit er at det finst ein blåkopi av Aberystwyth i Ukraina, oppretta av den walisiske stålarbeidaren John Hughes.

Vanya har ei sak som involverer den forsvunne dottera hans, og som har tilknytning til ein naboby av Aberystwyth, som etter at demninga kom, no ligg under vatn.

(2009)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 22/09/2011 tommar aberystwyth, detektiv, noir, pryce, wales

 

Malcolm Pryce – DON´T CRY FOR ME ABERYSTWYTH

Julenissen vert drepen i ei bakgate i Chinatown i Aberystwyth, i denne fjerde boka om Louie Knight.

Så vert det detektiven sin jobb å finne ut kven som har gjort det. Og kandidatane står i kø. Ein av dei, «den gamle jøden», påstår at nissen var bror hans. Ellers er både kirka, ein slags alternativ frelsesarme og ei som påstår ho er dronninga av Danmark, gode kandidatar.

I tillegg dukkar ein av dei gamle beilarane til Myfanwy opp, og det leitast etter ei pelskåpe som forsvann i Patagonia, og som nazistane har vore på jakt etter sidan.

(2007)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 13/11/2008 tommar aberystwyth, detektiv, jul, noir, pryce, wales

 

Malcolm Pryce – THE UNBEARABLE LIGHTNESS OF BEING IN ABERYSTWYTH

Den tredje og hittil siste boka om Louie Knight, og forfattaren har tydeligvis fått blod på tann. Boka er nemlig ein del lenger enn dei to fysste, det er like mange sider, men boka har vorte fysisk større.

Denne gongen skal detektiven hjelpe ein mann med lirekasse og ape, som har mista hukommelsen og har ein koffert som han ikkje tør opne. Myfanwy bur no på ein kvileheim etter det som skjedde i forrige bok, og vert kidnappa derfrå.

Boka er litt annaleis enn dei to forrige, som er vanskelege å toppe. Det vert kanskje litt for mykje stæsj i denne boka, og for mykje ny absurditet, i forhold til det me fekk servert i dei forrige.

(2005)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 29/07/2005 tommar aberystwyth, detektiv, noir, pryce, wales

 

Malcolm Pryce – ABERYSTWYTH MON AMOUR

Dette er den fysste boka i serien om noir-detektiven Louie Knight. Skulegutar forsvinn over heile byen, og walisisklæraren og leiaren for druidene, Lovespoon, driv og bygger eit kjempebygg ved skulen. Og så er det sjølvsagt ei kvinne inne i bildet. Songarinna Myfanwy. Ein draum av ei kvinne, utan sidestykke, i følge Knight.

Nok ei glimrande bok i denne serien, når ein kjem inn i det. I og med at eg fysst las bok nummer 2, så er store delar av persongalleriet kjent allereie. Fin vri av verkelegheita, både tidsmessig og faktamessig.

Kanskje ikkje like bra som Last Tango in Aberystwyth, men likevel flott.

(2001)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 25/07/2005 tommar aberystwyth, detektiv, noir, pryce, wales

 

Malcolm Pryce – LAST TANGO IN ABERYSTWYTH

Den andre boka i Aberystwyth-serien. Kom over den ved ei tilfeldigheit, og burde sjølvsagt ha lest nummer ein fyrst.

Serien handlar om noir-detektiven Louie Knight, som leitar etter rektoren på gravferdsfakultetet, som har forsvunne. I tillegg forsvinn dama hans, songarinna Myfanwy Montez, gymlæraren Herod og den kriminelle mesterhjerna; tenåringen Brainbocs.

Ei glimrande bok, som ein vert hekta på allereie frå dei fysste sidene. Det er eit nytt univers å setje seg inn i, men når du skjønar Aberystwyth-universet, så virkar boka genial.

(2003)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 27/06/2005 tommar aberystwyth, detektiv, noir, pryce, wales