Ei bok som kom før Falconserien. Denne handlar om den portugisiske etterforskaren Ze Coelho. Ei ung jente vert funnen drept og dumpa i Lisboa, og Ze Coelho får med seg ein upopulær kollega til å finne syndaren.
Det er to historier samstundes i boka, og medan me er i Lisboa på 90-talet, følger me også ein tysk offiser under andre verdskrigen. Han vert send til Portugal for å kjøpe Wolfram, og det er vel inga hemmelegheit at dei to historiene vert tvinna inn i kvarandre.
Boka startar tyngre enn ein er vand til frå Falconbøkene (for dei som leste dei fysst) og det er fysst og fremst historia frå krigen som har mest framdrift. I det heile tatt er det veldig lite som skjer med drapsetterforskinga i Lisboa. Men krigshistoria er bra, og ber boka framover, og mot slutten vert det også fart på sakene i drapsetterforskinga. Ikkje akkurat Falcon, men likevel veldig lesbar.
(1999)