RSS

Karaktergiving

Det må understrekast at karaktersystemet her er 100% objektivt frå lesaren si side. Me har absolutt inga tilknytning til korkje forfattarar eller forlag, og all omtale her vert gitt etter vår eigen smak.

For å skape eit så nyansert bilde som muleg av bøkene, så har me sett opp ti kriterier, der kvar bok kan få karakter frå 1-10, der 1 er lågast.

Karakterane vert gitt i fylgjande kategoriar:

Plottet
Kor intrikat og bra sjølve historia er. Virkar den gjennomtenkt og virkar det som om det er gjort bra bakomarbeid, eller virkar det som noko som berre er skrabla ned på lykke og fromme? Er den kreativ eller forutsigbar?

Karakterane
Kor gode er karakterane? Ein god krim er ikkje berre avhengig av ein god hovudperson, men også av dei som er rundt. Svake og lite truverdige karakterar kan øydelegge ein god krim.

Miljøskildring
Miljøet i ei bok har veldig mykje å seie for heilheitsinntrykket. Kor flink er forfattaren til å få oss inn i hans eller hennar verd?

Språket
Er språket autentisk? Føles det ekte, tenker du at det er slik desse personane ville snakka? Er det krydra med altfor mykje tåkeprat og kunstfjas? Språket må vere solid, og passe inn til den krimen du les.

Starten
I ei god bok vil ein gjerne verte riven med frå starten av. Mange krimbøker vert ikkje spennande og gode før etter 100 sider, og då er det mange som allereie har falle av. Derfor er det viktig å verte dregen inn allereie frå side ein.

Sidesnuing
Altså i kva grad ein vert sugd inn i boka og ikkje får seg til å legge den frå seg. Ei bok der ein berre MÅ lese ei side til, vil altså hente ein tiar her, medan ei bok ein legg frå seg utan noko vidare, endar lengre nede på skalaen.

Tempo
Kor fort går historia framover. Ein krim er ikkje ein storslått roman, så det må ikkje vere for mykje svevande tomprat innimellom. Historia skal heile tida drivast framover.

Forutsigbarheit
Om du allereie i kapittel tre kan gjette kven som har gjort det, så er det ikkje rare boka. Tvistane og dei positive overraskingane er viktige i ein god krim. Dei som får deg til å sette deg litt bedre til rette, fordi du veit at du no kjem til å lese 100 sider til før du legg deg.

Den gode kjensla
Medan du les ei bok, får du ofte eit inntrykk av heilheita, som er vanskeleg å sette fingeren på. Er det den gode kjensla, eller er det eit eller anna som manglar? Dette er absolutt objektivitet.

Avslutninga
Mange gode bøker har vorte øydelagde av ei avslutning som ikkje står i stil.

Reklame
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: