Dickson Carr´s fyrste lukka rom
Den livsfarlige galningen Laurent har rømt frå asylet han har vore innesperra på. Dette fell saman med at eks-kona hans, som så vidt slapp unna han med livet i behald, no skal gifte seg på nytt, med Raoul, hertugen av Saligny. Det ryktast at Laurent har fått gjennomført ein plastisk operasjon, og er ugjenkjennelig, og aller verst; i Paris akkurat no.
Etterforskaren Henri Bencolin skal passe på hertugen og kona, men under eit opphald på ein nattklubb, vert Raoul ikkje berre drept, men også halshogd, medan han er åleine inne på eit rom, der alle dørene er vokta av politiet.
Då denne boka kom ut, var den ein del av forleggaren Harpers «Sealed Mystery Series», det vil seie at den siste delen av boka var forsegla, og at dersom lesaren hadde funne løysinga når dei kom hit i boka, kunne dei levere den tilbake og få igjen pengane. Men i følge forlaget sine eigne sider, vart, av dei fyrste 60 000 solgte bøkene, berre 3 returnert.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi lukka rom-mysterier er det mest spennande du veit
(1930)