RSS

Stikkordarkiv: richter frich

Øvre Richter Frich – DE KNYTTEDE NEVER

Ein norsk Jason Bourne

Legen og meistertjuven Jonas Fjeld og hans kompanjong, den finske dvergen Ilmari Erko, som er både oppfinnar og geni (har laga eit metall som er sterkare enn stål og eit sprengstoff som er lyd- og lyslaust), utfører eit perfekt bankran i Christiania, og får med seg nesten ein halv million kroner i diverse valuta.

Politiet har inga aning om kven som har gjort det, men det har derimot ei rekke internasjonale forbrytarstorheiter; argentinaren Mario Heredia, franskmannen Francois Delma og den nederlandske muskelmannen Jaap van Huysman. Og disse kjem alle til Christiania for å få sin del av pengane, og også å få tak i geniet Erko.

Det vert ei katt- og musjakt som startar i Christiania og når sitt klimaks ein stad på Bergensbana.

(1911)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/11/2017 tommar 1910-1919, bankran, flukt, norge, oslo, richter frich, tog

 

Stikkord: