RSS

Kategoriarkiv: australia

Peter James – DØD MANNS FOTSPOR

Den perfekte svindel

Ein mislukka britisk businessmann er tilfeldigvis i New York under terrorangrepet 11.september 2001, der han skulle hatt eit møte i det sørlige tårnet i World Trade Center. Han overlever, men ser dette som ei muligheit til å viske ut den gamle Ronnie Wilson, og starte på nytt.

I Brighton vert Roy Grace kalla ut til funnet av ei død kvinne, som han fryktar kan vere kona hans, Sandy.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein solid sidesnuar som bygger spenning og nøstar trådar.

(2008)

Les meir

 

Jane Harper – FALSK NATUR

falsknaturUhygge i bushen

Under ein teambuildingtur i den australske bushen, forsvinn Alice, ei av dei fem kvinnene som dreg ut. Firmaet dei jobbar for, er allereie under etterforsking, og Alice har vore politiet si kontakt på innsida. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar litt skummel krim i naturen. 

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/10/2021 tommar australia, forsvinning, harper, politi, skog

 

Peter Temple – MØRK KYST

Australsk krim.

Joe Cashin flyttar tilbake til heimbygda etter ha jobba som drapsetterforskar i Melbourne. Ei ulukke i tjenesta der, gjorde at han no har vald det rolege landsbypolitiyrket, samstundes som han skal pusse opp eit gammalt familiehus, med mange historier knytta til seg.

Men så vert ein lokal storleik drepen, og tre aboriginske gutar forsvinn, og alle er sikre på at det er dei som står bak. Alle, bortsett frå Joe Cashin.

Denne boka vann den høgthengande Dagger Award for beste krim i 2007

(2005)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/03/2010 tommar australia, politi, temple

 

Jo Nesbø – FLAGGERMUSMANNEN

Norsk politihelt i utlandet

Dette er den fyrste boka til Nesbø, handlar om Harry Hole som reiser til Australia for å hjelpe til i etterforskinga av drapet på ei ung norsk jente. Ei svensk bartendar og aboriginarar er også sentral i historia.

Kort fortalt er dette ei glimrande bok frå start til slutt. Lettlest, flotte historier, bra språk, spennande, intrikate plot. Anbefalast på det sterkaste. Skal i butikken og kjøpe neste bok med det same.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar norsk krim i verdensklasse.

(1997)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 10/02/2006 tommar australia, harry hole, nesbø, norge, politi