RSS

Kategoriarkiv: holt

Anne Holt – DET ELLEVTE MANUS

detellevtemanusPandemi og papirmangel

Eit svært verdifullt manus, forsvinn frå forlaget, og redaktør Ebba Braut må bruke dei fyrste dagane av pandemien på å prøve å oppspore det. Samtidig finn politimannen Henrik Holme ei død kvinne i eit bagasjerom. Ansiktet er knust, og ingen har meldt kvinna sakna. Han må ty til den no pensjonerte Hanne Wilhelmsen for hjelp.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar har lest Anne Holt tidlegare, og kjenner kvalitetsnivået.

(2021)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/05/2022 tommar forfattar, holt, norge, oslo, pandemi, politi, wilhelmsen

 

Anne Holt – MANDELA-EFFEKTEN

mandelaeffektenSærs tam oppleving

Den grå og anonyme stortingsrepresentanten Linda Bruseth vert skoten på ein fortausrestaurant, saman med venninna Selma Falck, som trur det er ho som er målet for attentatet. Seinare vert ein høgsterettsdommar funnen hengt i eit tre, og Selma finn ein samanheng mellom dei to sakene. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim som omhandler aktuelle tema. 

(2020)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/01/2022 tommar barn, detektiv, holt, norge, oslo

 

Anne & Even Holt – FLIMMER

Hjertespesialisten Sara Zuckerman opererer inn ein hjertestartar i ein gammal kollega. To dagar etterpå døyr kollegaen. Det viser seg at det var hjertestartaren som tok livet av han, og snart skjer det med ein ny pasient.

Nokon har omprogrammert hjertestartarane, så dei virkar mot si hensikt.

Zuckerman og kollegaen Ola Farmen finn ut at ein av dei døde pasientane har fått skifta sin hjertestartar etter at vedkomande døyde. I felleskap byrjar dei to å nøste i trådane, og finn etter kvart ut at produsenten Mercury Medical, heimehøyrande i USA er sentrale i saka. Men er det dei som driv sabotasje, eller er det andre som vil sabotere dei?

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/11/2010 tommar holt, lege, norge, oslo, sjukehus

 

Anne Holt – 1222

Anne Holt skriv påskekrim på sitt aller beste frå fjellet på Finse.

Politibetjent Hanne Wilhelmsen er på veg til Bergen, då ein snøstorm gjer at toget sporar av på Finse, og lokføraren døyr. Dei nesten 300 passasjerane må innkvarterast på hotellet 1222.

Der vert ein mann myrda, ein kjendisprest, og Wilhelmsen må finne ut kven av dei andre passasjerane som har teke livet av han.

I tillegg går det rykter om at det var ei ekstra vogn på togsettet, muligens kongevogna, og i den øverste leiligheita på hotellet bor det nokon som har væpna vakter til å passe på seg.

Her får du verkeleg påskekjensla, i eit typisk lukka-rom-mysterie a la Poirot.

(2007)

Les meir