RSS

Kategoriarkiv: dolan

Harry Dolan – REDAKTØREN

Ei bok eg kom over på billigsalg. Virka litt spennande bakpå, men hadde ikkje så store forventingar. Men vart positivt overraska. Ein litt annan stil, nesten i noir-gata, og litt intern sidan den handlar om krimforfattarar, men likevel rask og spennande.

Tom Kristoll driv eit krimblad, som trykker krimnoveller. David Loogan jobbar for Kristoll, og ein dag vert han tilkalla for å hjelpe til med å fjerne ein død mann frå kontoret til Kristoll. Seinare vert Kristoll funnen død, seks etasjer under kontorvindauget sitt. Og etterforskar Elizabeth Waishkey har Loogan øvst på lista over mistenkte.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/07/2012 tommar dolan, forfattar, politi, usa