RSS

Kategoriarkiv: kazinski

A.J. Kazinski – EN HELLIG ALLIANSE

enhelligallianseEin barnehageassistent får ei teikning av eit av barna ho jobbar med, og då ho finn ut at onkelen til barnet er død, får ho for seg at teikninga viser eit drap. Problemet er berre at politiet eller familien ikkje behandlar dødsfallet som eit drap.

Eva Katz byrjar nøste opp i saka på eiga hand, med dei begrensa midla ho har. Sakte men sikkert pensar ho seg inn mot den danske kongefamilia, der mor til teiknaren jobbar som hoffdame.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 01/02/2015 tommar barn, danmark, kazinski, københavn, kongehus

 

A.J. Kazinski – SØVNEN OG DØDEN

søvnenogdødenDen andre boka om gisselforhandlaren Niels Bentzon. Boka startar med at Bentzon for fyrste gong mislukkast med å snakke ei kvinne frå å hoppe i døden.

Men detaljar rundt dødsfallet gjer at Bentzon ikkje er overtydd om at ho dette var eit vanleg sjølvmord. Han har grunn til å tru at nokon pressa eller skremte henne til å gjere det.

Han har problem med å få resten av kollegaene med på tankerekka, inntil obduksjonen viser at ho kort tid før ho hoppa, hadde drukna og vorte gjennoppliva.

(2012)

Les meir

 

A.J. Kazinski – DEN SISTE GODE MANN

Boka er skriven av to danskar, under pseudonymet AJ Kazinski, og tek utangspunkt i at det rundt om i verda til ei kvar tid finst 36 gode personar.

I Venezia har politimannen Tommaso di Barbara byrja nøste opp i trådane, og er på sporet av ein samanheng, etter at «gode» folk har vorte drepne over heile kloda. Han meiner det er ein samanheng i drapa, som i utgangspunktet virkar tilfeldige. For i tillegg til at alle dei drepne vert sett på som gode, så har dei også eit brennemerke, eller ei tatovering mellom skulderblada.

Han sender ut ein beskjed vi Interpol, og åtvarar om at det no sannsynlegvis berre er igjen to av disse 36 gode, og at neste drap kan skje i København.

I København er det politimannen Niels Bentzon og astrofysikar Hannah Lund som skal finne og advare det potensielle offeret, men kven er det som vert rekna som det mest gode mennesket i København?

(2010)

Les meir