RSS

Kategoriarkiv: samling

Agatha Christie – KORTENE PÅ BORDET

kortenepåbordetÅ samle på kriminelle lønner seg neppe

Hercule Poirot er invitert til middag hos den mystiske Mr. Shaitana, som i følge seg sjølv, samlar på kriminelle som har slept unna straff. Når gjestane set seg ned for å spele bridge, set verten seg i godstolen, der han vert sitjande til han, etter at spelet er slutt, vert funnen død. Drept. Det er ikkje så mange potensielle gjerningspersonar, og Poirot bruker bridgespelet til å løyse saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for ein Poirot-klassikar.

(1936)

Les meir

 
 

Nils Nordberg (red) – EN KRIMINELT GOD JUL

Eit b-lag i jula

Novellesamling med diverse krimhistorier som har utgangspunkt i jula. Mange kjende forfattarar, som Christie og Conan Doyle, men kanskje ikkje det heilt store.

Den raude tråden i boka, er at historiene virkar gammaldagse, og at fortellarstilen gjenspeglar radioteater frå 70-talet. Dette er ikkje dei beste verka til disse forfattarane. Somme av historiene har tålt «tidens tann» bedre enn andre, men dei fleste av dei er ikkje veldig underhaldande, dessverre.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Det må i så fall vere fordi du likar å ha nokre korte historier liggande, når du treng ein pust i bakken i jula, og ikkje har så mange alternativ.

(2006)

 

 
Éin kommentar

Posta av den 31/12/2007 tommar jul, nordberg, norge, samling