RSS

Kategoriarkiv: nærum

Knut Nærum – VOODOO PÅ VESTKANTEN

Nok eit møte med detektiven Oberon Qvist og krimforfattar Kjell Nilsen.

Denne gongen er det ei rik kaffefamilie på vestkanten som fryktar at voodoo er inne i bildet, i forbindelse med dødsfallet til styreleiar Mons Gram. Heile familien har budd på Haiti, der dei har kaffiplantasje, og med seg heim har dei både tjenestefolk og idear.

Sonen Njål Gram meiner han har fått SMS frå sin døde far, og vil ha Kjell Nilsen til å sjå på saka.

Igjen ei bok som får ein til å ønske inderlig at Nærum byrja skrive seriøs krim også.

(2015)

Les meir

 
 

Knut Nærum m.f. – BUSEMANNEN

busemannenEin parodi på norsk krim, med fokus på Harry Hole-serien.

Etterforskaren Willy Wakum vert henta heim frå Asia for å løyse ei sak med ein seriemordar som drep norske krimforfattarar. Men han er ein upopulær fyr, som er på kant med leiinga, og har eit problematisk forhold til kvinna han elskar, og sonen hennar med det utanlandske namnet. Høyres kjent ut?

Humormessig er denne svært god, krimbøkenes svar på Mannen Med Den Nakne Pistol. Men krimmessig er den nok ikkje heilt på høgde.

Tidlegare har Nærum sine krimparodiar vore både spennande og skumle, kanskje spesielt påskefjellsklassikaren Døde Menn Går På Ski. Men denne gongen vert det i overkant mykje tull, og det einaste utbytte ein har, er humoren. Og det treng ikkje vere ein dårleg deal.

(2013)

Les meir

 
 

Knut Nærum – DE DØDES BÅT

Nok ein satirisk påskekrim frå Nærum, og nok ei humoristisk hylling av Bernhard Borge.

Denne gongen er handlinga lagt til sørlandet, der kriminalforfattaren Kjell Nilsen ferier i skjergarden.

Me møter eit begrensa galleri av hyttefolk og lokalfolk på ei øy, og sjølvsagt endar det med at ein av innbyggarane vert drepen.

Heldigvis er det ein privatdetektiv blant sommargjestane på øya.

(2008)

Les meir

 

Knut Nærum – DØDE MENN GÅR PÅ SKI

Eigentleg er dette ein parodi på bøkene til André Bjerke (Bernhard Borge), og andre bøker frå en tida, der psykoanalysen stod i sentrum. Men likevel gjer Nærum den til ei spennande bok som er heilt på høgde med det han parodierer.

Ein eksentrisk milliardær inviterer fleire venner med seg på hytta i påska, blant dei psykoanalytikaren Konrad Stang. Milliardæren seier at den som vil vere med på ei mordgåte, og klarer å finne mordaren uten å verte drept, skal få ein feit pengesum.

Men så byrjar gjestane å verte drepne, ein etter ein, og det mumlast om eit gammalt sagn om den tidlegare eigaren, som var ein drapsmann ved namn Ulvar Mørkli.

Dette er De dødes tjern på fjellet, men likevel spennande og morsomt samtidig.

(2002)

Les meir