RSS

Kategoriarkiv: menneskesmugling

Barry Eisler – LIVIA LONE

livialoneEksplisitt menneskehandel-action

Livia Lone jobbar med seksualkriminalitet i Seattle, eit felt ho kjenner så altfor godt til. Ho og systera vart som born solgt av foreldra til menneskehandlarar i Thailand, og førte til USA. Undervegs kom ho vekk frå systera Nason, og bruker no all tid ho har til overs til å finne ut kva som skjedde med henne. Og no har ho fått ein ny ledetråd, men som vil setje henne sjølv i enorm fare.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar actionprega hevnkrim.

(2016)

Les meir

 

Roslund & Hellström – TRE TIMER

tretimerMeir Piet Hoffmann-action

Den tredje boka med Piet Hoffmann som hovudperson. Denne gongen jobbar han i Afrika, med å beskytte naudhjelpstransportar, når han får ein oppdrag frå det svenske politiet. Ein kontainer med døde flyktningar vert funne i ei svensk hamn, og Ewert Grens og det svenske politiet treng hjelp til å finne menneskesmuglarane.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi om du har lese dei foregåande bøkene, så er du enig i at dette er noko av det fremste innan skandinavisk krimspenning dei siste åra.

(2018)

Les meir

 

Val McDermid – SISTE FRISTELSE

sistefristelseCarol og Tony på Europa-eventyr

Ein seriemordar tek livet av eksperimentelle psykologar rundt om i det nordlege Europa. Etter at ein kollega av Tony Hill vert drept, reiser han til Tyskland for å bistå, medan Carol Jordan allereie er i landet for å jobbe med ei anna sak. Nok ein gong vert vegane deira kryssa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du Tony og Carol er ditt favorittpar i påskekrimmen. 

(2002)

Les meir