RSS

Kategoriarkiv: dickson carr

John Dickson Carr – DET HVITE HENGSLET

DethvitehengsletNok ei perle frå lukka rom-eksperten

Den velståande Titanic-overlevaren John Farnleigh bur på eit gods i Kent, saman med kona. Ein dag kjem ein framand mann til gards, og hevdar at han er den ekte John Farnleigh, og at han kan bevise det. Så vert den fyrste Farnleigh drept i hagen, der han får halsen skoren over. Tre vitner ser drapet, og alle tre hevdar at Farnleigh var åleine i hagen då det skjedde.

Det er på tide for Gideon Fell å melde sin ankomst. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi dette er kåra til det fjerde beste lukka rom-mysteriet gjennom tidene. 

(1938)

Les meir

 

John Dickson Carr – CASTLE SKULL

castleskullInternasjonal gjeng på slottet

Den Hamlet-elskande skodespelaren Myron Allison vert drept i det gamle slottet «Schloss Schadel» eller Castle Skull, som ligg ved bredda til Rhinen, nær Koblenz i Tyskland. Slottet var tidlegare eigd av den eksentriske og mørke tryllekunstnaren Maleger, før han drukna i elva nokre år tidlegare. Henri Bencolin vert henta inn for å finne ut kva som skjedde med Allison, men dei underlege hendingane tek ikkje slutt av den grunn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein kontinental krim med internasjonalt galleri er rett opp di gate.

(1931)

Les meir

 
 

John Dickson Carr – IT WALKS BY NIGHT

itwalksbynightDickson Carr´s fyrste lukka rom

Den livsfarlige galningen Laurent har rømt frå asylet han har vore innesperra på. Dette fell saman med at eks-kona hans, som så vidt slapp unna han med livet i behald, no skal gifte seg på nytt, med Raoul, hertugen av Saligny. Det ryktast at Laurent har fått gjennomført ein plastisk operasjon, og er ugjenkjennelig, og aller verst; i Paris akkurat no. 

Etterforskaren Henri Bencolin skal passe på hertugen og kona, men under eit opphald på ein nattklubb, vert Raoul ikkje berre drept, men også halshogd, medan han er åleine inne på eit rom, der alle dørene er vokta av politiet. 

Då denne boka kom ut, var den ein del av forleggaren Harpers «Sealed Mystery Series», det vil seie at den siste delen av boka var forsegla, og at dersom lesaren hadde funne løysinga når dei kom hit i boka, kunne dei levere den tilbake og få igjen pengane. Men i følge forlaget sine eigne sider, vart, av dei fyrste 60 000 solgte bøkene, berre 3 returnert. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi lukka rom-mysterier er det mest spennande du veit

(1930)

Les meir

 

John Dickson Carr – DEN HULE MANNEN

denhulemammenVampyrar og lukka rom

Professor Charles Grimaud vert, framfor eigne venner, trua av illusjonisten Pierre Fley, som advarar Grimaud om sin enda farlegare bror. Nokre dager seinare kjem ein mann som skjuler ansiktet sitt på besøk til Grimaud. Han vert sett av både hushjelpa og sekretæren, og sistnemnde følger med på døra til han høyrer eit skot. Han spring inn, og finn Grimaud åleine i rommet, skoten. Gjesten er ikkje der, og det er ingen spor i snøen utanfor vindauget. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi dette seiast å vere ein av dei aller beste «lukka rom»-mysteria nokon gong. Og det kan du like. 

(1935)

Les meir

 

John Dickson Carr – DEATH WATCH

Klokkemysterie for dr. Gideon Fell

Eit skrik får dr Gideon Fell og ein kollega til å springe etter lyden. I huset til ein klokkemakar, finn dei ein død uteliggar, og rundt liket står husfrua Eleanor Carver, Calvin Boscombe, som held ein pistol, og den tidlegare politisjefen Peter Stanley. Men den døde er ikkje skoten, men stukken med langvisaren til ei stor klokke.

Det viser seg at den døde slett ikkje er ein uteliggar, men ein undercover politimann, som jakta på ein drapsmann i dette huset. Og dei tre vitna fortel ganske forskjellige historier om kva som har skjedd.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein god gammal svart/kvitt-krim, med ein detektiv full av patos, med kappe og hatt og kropp som sjølve julenissen. 

(1935)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/05/2020 tommar 30-talet, dickson carr, england, lege

 

John Dickson Carr – DØDEN GÅR I FLOSSHATT

Ein mann vert funnet drepen, med ei sjeldan armbrøstpil i brystet, i sjølvaste Tower of London. Han vert funnen midt på dagen, i eit rush av turistar, og det virkar som ei umuligheit at ingen har fått med seg det som har skjedd. Drapsofferet vert funnen i golfklede, men på hovudet har han ein flosshatt, som ikkje passar til resten av kostymet. Ein flosshatt som nokre kveldar i forvegen vart stolen.

Scotland Yard kontaktar Dr Gideon Fell for hjelp.

Dickson Carr leverer ein klassisk britisk krim, som verkeleg får fram den klassiske krimkjensla.

(1933)

Les meir