RSS

Kategoriarkiv: frankrike

Vivian Conroy – A TESTAMENT TO MURDER

atestamenttomurderNykomar i klassisk stil

Vivian Conroy skriv krim i samme stil som Agatha Christie gjorde for snart 100 år sidan. Resultatet er ganske fornøyelig, og bedre enn andre forsøk i same stilen, sidan hp treff både på stilen og spenninga:

Milliardæren Malcolm Bryce-Rutherford er døyande, og inviterer dei næraste slektningane og tidlegare ansatte til ein villa på den franske rivieraen. Han vil helst ikkje at nokon av dei skal arve formuen, men har bestemt seg for å spele eit spel med dei: Kvar kveld skal han skrive eit nytt testamente, der ein av dei som er i huset arvar alt. Dersom han døyr i løpet av 24 timar, er det denne personen som er einearving. Men dersom han overlever, skriv han eit nytt testamente, og denne personen har mista sjansen sin. Ingen får vite kven som står i testamentet kvar kveld, og alle må vere klar for å bli anklaga for drap, dersom Malcom døyr og deira namn står i testamentet. 

Spelet startar, og dødsfallet er ikkje langt unna. Men det er ikkje Malcolm som døyr.  Heldigvis er naboen Jasper tidlegare etterforskar, og kan kome til unnsetning. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim av den gamle skulen, skrive i eit litt strammare tempo.

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/03/2023 tommar arv, conroy, familie, frankrike

 

John Dickson Carr – IT WALKS BY NIGHT

itwalksbynightDickson Carr´s fyrste lukka rom

Den livsfarlige galningen Laurent har rømt frå asylet han har vore innesperra på. Dette fell saman med at eks-kona hans, som så vidt slapp unna han med livet i behald, no skal gifte seg på nytt, med Raoul, hertugen av Saligny. Det ryktast at Laurent har fått gjennomført ein plastisk operasjon, og er ugjenkjennelig, og aller verst; i Paris akkurat no. 

Etterforskaren Henri Bencolin skal passe på hertugen og kona, men under eit opphald på ein nattklubb, vert Raoul ikkje berre drept, men også halshogd, medan han er åleine inne på eit rom, der alle dørene er vokta av politiet. 

Då denne boka kom ut, var den ein del av forleggaren Harpers «Sealed Mystery Series», det vil seie at den siste delen av boka var forsegla, og at dersom lesaren hadde funne løysinga når dei kom hit i boka, kunne dei levere den tilbake og få igjen pengane. Men i følge forlaget sine eigne sider, vart, av dei fyrste 60 000 solgte bøkene, berre 3 returnert. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi lukka rom-mysterier er det mest spennande du veit

(1930)

Les meir

 

Bernard Minier – HVIS HELVETE VAR AV IS

hvishelvetevaravisUgjerningar i dei franske skogar

Ein hovudlaus, død hest vert funnen hengt opp øverst i ei taubane, og sidan eigaren er ein av landets rikaste, vert det ikkje spart på noko i etterforskinga. Kriminalfyrstebejent Martin Servaz er i starten motvillig til å vere med på ei slik etterforsking på grunn av ein hest, men når det neste offeret er eit menneske, vert saka ei anna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim frå dei dystre, mørke skogane.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/03/2022 tommar frankrike, minier, politi

 

Pierre Lemaitre – BRUDEKJOLEN

brudekjolenAlle historier har to sider

Den unge Sophie har alt ho kan drøyme om. Draumemannen, ein jobb folk flest kan sjå langt etter, flott leiligheit og ei baby i magen. Men stadig oftare får ho ei kjensle av å gløyme ting, ikkje huske kvar ho har lagt frå seg noko, kvar ho har parkert, og ho har blackouts. Litt etter litt, mister ho det perfekte livet, bit for bit. Det heile toppar seg når ho vaknar og finn guten som ho er dagmamma for, død. Ho huskar ingenting, og må berre kome seg vekk. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for psykologiske hevnthrillerar.

(2009)

Les meir

 

Bernard Minier – DALEN

dalenIsolert i dei franske skogar

Martin Servaz får ein telefon frå ei stemme han ikkje har høyrt på 8 år, då Marianne forsvann. Ingen trur ho framleis er i live, men no ringer ho, skremt og fortel ho er i ein skog, på rømmen, og at Martin må kome å berge henne. 

Dette fører Martin til Pyreneane, der det skjer mykje meir enn ei jakt på ei forsvunna kvinne. Vel framme, så går eit ras som sperrer heile bygda inne, og så startar drapa. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi om du likar den litt mystiske, franske krimstilen. 

(2020)

Les meir

 
 

Torkil Damhaug – FLYKT, MÅNE

flyktmånerPsykologisk dramatikk i Frankrike

På ei kirketrapp i Avignon i Frankrike, vert ein ung mann funnen livlaus, og lagt inn på sjukehus. Han snakkar ikkje, og legen Anna Siboulet, ved eit psykiatrisk sjukehus tek på seg oppgava med å finne ut kva som har skjedd, og ikkje minst, kven han er. Ho anar snart ein samanheng til ei ung kvinne som ikkje lenge før, vart funnen død i Paris.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vil lese den fyrste boka til ein av landets beste historieforteljarar, så klart.

(1996)

Les meir

 

Michel Bussi – SVARTE VANNLILJER

svartevannliljerDrap i Monet sitt rike

Boka startar med ein presentasjon av tre kvinner i forskjellig alder, som skal prege historia.

Kunstsamlaren Jerome Morval, som har gjort karriere som augelege i Paris, og no er tilbake i Claude Monet sin idylliske landsby Giverny, vert funnen drept i ein kanal. Politifolka Serenac og Benavides finn, til tross for at begge er blenda av den vakre Stephanie Dupain, ut at eit liknande drap skjedde her, tilbake i 1937.

Heile historia kretser rundt Monet sine vannliljer, som han malte her, og gjorde staden til eit mekka for impresjonistar verda over. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for omfattande historier som vert nøsta fint saman. 

(2011)

Les meir

 
 

Peter May – KRITIKEREN

kritikerenVin og hemmelige brorskap

Ein svært upopulær og frykta amerikansk vinkritikar dukkar opp død, etter å ha vore forsvunnen ei tid. Kroppen er dynka i vin, han er kledd i eit gammalt, seremonielt antrekk, og hengt opp. Den skotsk-italienske rettsmedisineren Enzo Macleod, midt i ei komplisert periode på det personlege plan, reiser ned til vindistriktet for å finne ut kva som kan ha skjedd. 

Det vert koder, hemmeligheiter, vin og brorskap. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kodemystikk i Da Vinci-kode-gata.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/07/2021 tommar frankrike, gard, koder, may, rettsmedisiner

 

Gert Nygårdshaug – HONNINGKRUKKEN

honningkrukkenFråverande bouquet

Ein norsk vinkjennar og kodeknekkar reiser til Frankrike for å plukke ut vinar til restauranten han driv saman med sine to venner. Men i den vindistriktet han oppsøker, har det skjedd ei rekke forsvinningar, som Fredric Drum mistenker han sannsynligvis vert vikla inn i.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er meir oppteken av vinuttrykk enn god krim.

(1985)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/04/2021 tommar forsvinning, frankrike, koder, nygårdshaug

 

Øistein Borge – DEN SYVENDE DEMON

densyvendedemonHevnkunst

Etter å ha mista familien i ei tragisk bilulukke, vert etterforskar Bogart Bull plassert i ei avdeling som skal jobbe med nordmenn som vert utsett for kriminalitet i utlandet. Den fyrste saka sender han til Sør-Frankrike, der ein svært rik nordmann vert funnen drept i luksusvillaen sin. Huset er fullt av verdiar, men det einaste som har forsvunne, er eit stygt lite bilde, tilsynelatande utan særleg verdi. Etterforskinga peiker bakover i tid, der både den kjende kunstnaren Matisse, og vår eigen Munch, er involvert.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som knytter notid og fortid, og blandar inn element som omhandlar historiske personar.

(2016)

Les meir