RSS

Kategoriarkiv: rettsak

Pierre Lemaitre – EN HELVETES JOBB

Arbeidsløyse-thriller

Alain Delambre er 57 år, og har vore arbeidsledig, og avhengig av strøjobbar i fire år. Når eit tilsynelatande for-godt-til-å-vere-sant-tilbod kjem rekande, er han den einaste som ikkje vil sjå at det er nettopp det. Han ofrar alt, for å endeleg kome i arbeid igjen, før han innser realitetane. Men då har han gått for langt.

* Boka kom opprinneleg i 2010, men kom på norsk i år.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historier om folk som vert pressa så langt at dei klikkar.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/09/2020 tommar frankrike, gissel, lemaitre, paris, rettsak

 

Malin Persson Giolito – STØRST AV ALT

Svensk krimfavoritt som ikkje innfrir heilt

På Djursholm Almenne Gymnas er fem tenåringar og læraren deira samla på klasserommet. Men dei fleste av dei er ikkje lenger i live.

Attenåringen Maja vert sikta for drap på klassekameratane, og for å ha planlagt det heile saman med kjærasten Sebastian, som no er død.

Ei bok som har fått svært gode omtalar, men sjølv vart eg ikkje riven med.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/01/2018 tommar persson giolito, rettsak, skule, sverige