RSS

Kategoriarkiv: england

Gladys Mitchell – MURDER IN THE SNOW

murderinthesnowHei, hå, no er det krim i landsbyen igjen

Beatrice Adela Bradley er psykiater og detektiv, og skal feire jul med sin favorittnevø i Cotswolds. I området der dei bur, er det eit lokalt sagn om eit spøkelse, som heng i ein allé, Groaning Spinney (som er originaltittelen på boka), og er synleg med jamne mellomrom. No har nokon sett det igjen, samtidig som fleire i landsbyen får anonyme brev i posten. 

Dette er bok nummer 23 av 66 om Mrs. Bradley. Bøkene til Gladys Mitchell fekk mykje skryt i si samtid, men har forsvunne heilt i ettertid, i motsetning til hennar kolleger i «The Detection Club», som Agatha Christie, Dorothy L. Sayers og G.K. Chesterton. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den gammal, trivelig, britisk landsbykrim.

(1950)

Les meir

Reklame
 
 

Mary Kelly – THE SPOILT KILL

thespoiltkillNybrottsarbeid i klassisk krim

Privatdetektiven Hedley Nicholson vert hyra inn for å avdekke industrispionasje i det gamle, ærverdige Stoke-firmaet Shentall´s, som har laga keramikk gjennom generasjonar. No er det eit utanlandsk billigmerke som kopierer designet til Shentall´s. Nicholson knytter fort tette band med ei av dei ansatte, designaren Corinna Wakefield. Så vert eit lik funne i ein av tankane Shentall´s oppbevarer leire i, og saka tek ei ny vending.

Denne boka vann the Gold Dagger Award i 1961, og slo blant anna John Le Carré si «Call for the Dead». Den vert omtala som ei av dei mest originale privatdetektiv-historiene i krimlitteraturen.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for dei gamle privatdetektivane.

(1961)

Les meir

 

Henry James – TOMMESKRUEN

tommeskruenAlle skrekkhistoriers mor

Man ei bok eller tv-serie er basert på denne klassikaren frå Henry James. No sist Netflix-serien The Haunting of Bly Manor.

Historia vert fortalt framfor peisen i eit juleselskap. Søstera til opplesaren hadde ei gammal barnepike, og dette er historia hennar, før dei møttes.

Ho fekk i oppdrag å passe dei to borna Miles og Flora, på herregården Bly. Foreldra deira er døde, og det er onkelen som er arbeidsgivar. Men han bur ikkje på Bly, og vil heller ikkje høyre noko om korleis det går med ungane. Det er barnepika som har det ansvaret, saman med den eldre fru Grose, som er hushalderske på Bly. Etter ein stund oppdager barnepika to ukjente personar i hagen, og får vite at dette er Miss Jessel, den tidlegare barnepika og Peter Quint, som var ein del av tenarskapet. Begge er døde, men gir no igjen, med det mål for auget; å øydelegge borna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det skumle og overnaturlege. 

(1898)

Les meir

 

Matthew Hall – DE DØDES STEMME

De dødes stemmeEin lovande start i Wales

Den fyrste boka om Jenny Cooper, som er nyskilt, og har flytta over grensa til landsbygda i WalesHo får ein trøblete start i den nye jobben som likskuedommar, når ho får ei sak der der to ungdommar døyr, og begge har vore innom samme ungdomsfengsel. Det er vanskelig å finne ut av omstenda rundt det som har skjedd, i så stor grad at det kan virke som om nokon bevisst prøver å dekke over noko.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kalde saker, oppnøsting av trådar, og David mot Goliat.

(2009)

Les meir

 
 

Freeman Wills Crofts – THE HOG´S BACK MYSTERY

hogsbackmysteryEin mindre kjent krimhelt frå 30-talet

Julia Earle og mannen, legen James Earle, bur langt frå folk, og har derfor sjeldan besøk. Då er det sjølvsagt ekstra stas når Julia får besøk av både systera Marjorie og venninna Ursula. Men kort tid etter ankomst, merker Ursula både at venninna Julia har eit forhold til ein yngre nabo, og ho ser legemannen i byen med ei anna kvinne. Og som ikkje det er nok, så forsvinn plutselig James Earle, utan spor. Sist sett i berre tøfler, lesande på dagens avis

Politiet vert tilkalla, men kjem ingen veg, og må til slutt tilkalle inspektør Joseph French frå Scotland Yard.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gode, gamle britiske krimhistorien. 

(1933)

Les meir

 

John Bude – THE LAKE DISTRICT MURDER

lakedistrictmurderEin klassikar seigare enn dei fleste

Jack Clayton, ein ung mann som er forlova, og skal gifte seg, vert funnen død i bilen sin utanfor ein avsidesliggande verkstad i Nord-England. Fyrst tyder alt på sjølvmord, men etterforskeren, ein inspektør Meredith, finn fleire ting som ikkje passar med den teorien. Han startar eit nitidig arbeid med å finne spor, trådar, svar, vitner. Etter ei stund viser det seg at det er ei anna sak i samme område, som ser ut til å ha tilknytning til blant anna verkstaden Clayton vert funnen ved.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis dei mindre kjende krimforfattarane frå «The Golden Age of Detective Fiction» skreiv. 

(1935)

Les meir

 

Agatha Christie – MISS MARPLE´S FINAL CASES

missmarplesfinalcasesMiss Marple takkar av

Ei samling noveller med Miss Marple i hovudrolla, som vart gitt ut 3 år etter at Agatha Christie døydde:

      1. Sanctuary (1961)
  1. Strange Jest (1950)
  2. Tape-Measure Murder (1950)
  3. The Case of the Caretaker (1950)
  4. The Case of the Perfect Maid (1950)
  5. Miss Marple Tells a Story (1934)
  6. The Dressmaker´s Doll (1961)*
  7. In a Glass Darkly (1939)*
  8. Greenshaw´s Folly (1960)

* Disse to er ikkje med Miss Marple

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi det er vanskelig å mislike Miss Marple.

(1979)

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/11/2022 tommar christie, england, miss marple

 

Agatha Christie – MIDWINTER MURDER

firesidemysteriesJulestemning i Agatha Christie-land

Ei underhaldande og stemningsfull novellesamling, som inneheld ni historier:

  1. A Christmas Tragedy (Miss Marple), 1930
  2. The Mystery of the Baghdad Chest, 1939
  3. The Clergyman´s Daughter (Tommy & Tuppence), 1929
  4. The Plymouth Express (Poirot), 1939
  5. Problem at Pollensa Bay (Parker Pyne), 1939
  6. Sanctuary (Miss Marple), 1961
  7. The Mystery of Hunter´s Lodge (Poirot), 1924
  8. The World´s End (Harley Quin), 1927
  9. The Manhood of Edward Robinson, 1934

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje kan reise på juleferie utan ein stabel Agatha Christie-mysterier i kofferten.

(2020)

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/11/2022 tommar christie, england, jul, miss marple, poirot

 

Agatha Christie – THE SECRET OF CHIMNEYS

thesecretofchimneysNoko heilt anna frå krimdronninga

Eventyraren Anthony Cade reiser til London med eit manuskript som muligens kan inneholde politisk dynamitt angåande det tidlegare monarkiet Herzoslovakia, og skal leverast til eit forlag. 

Samtidig overtalar politkaren George Lomax sin venn Lord Caterham til å arrangere ein samankomst på godset sitt, Chimneys. Til stades er fleire prominente gjestar, blant dei ein samlar som nettopp kjempar for å gjeninnsette monarkiet i Herzoslovakia. I løpet av kvelden på Chimneys, vert nokon drept. Cade vert vikla inn i begge sakene, og manuskriptet, som nokon prøver å stjele, står sentralt, saman med organisasjonen «Den Røde Hånds Liga». 

Sjefsinspektør Battle frå Scotland Yard vert tilkalla for å løyse saka. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på å lese den femte krimromanen til Agatha Christie, om den fjerde helten.

(1925)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 02/11/2022 tommar attentat, aust europa, christie, england, kongehus, politi

 

Agatha Christie – THE PALE HORSE

thepalehorseKan Christie fungere utan Poirot eller Marple?

Noko så sjeldan som ei Agatha Christie-historie utan Hercule Poirot og Miss Marple. Det er litt Ariadne Oliver med, om ikkje anna. 

Hovudpersonen er Mark Easterbrook, som vert vitne til to jenter som krangler på ein bar, og litt seinare får vite at den eine av dei to er død. Seinare fortel ei venninne om noko som vert kalla The Pale Horse, ein slags organisasjon som kan ta livet av folk på bestilling. Så vert presten Gorman drept, og Easterbrook finn ei liste med namn i skoen hans, der både namnet til presten, den døde kvinna frå baren, og ein nær bekjent at Easterbrook står oppført. Det heile vert toppa av at forfattaren Ariadne Oliver kjem inn i bildet, og fortel om eit hus der det bor tre hekser. Huset var tidlegare eit vertshus som heite nettop The Pale Horse. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du så klart er spent på korleis det er å lese ei Agatha Christie-historie utan nokon av dei to store.

(1961)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 31/10/2022 tommar christie, england, seriemordar