RSS

Kategoriarkiv: bussi

Michel Bussi – SVARTE VANNLILJER

svartevannliljerDrap i Monet sitt rike

Boka startar med ein presentasjon av tre kvinner i forskjellig alder, som skal prege historia.

Kunstsamlaren Jerome Morval, som har gjort karriere som augelege i Paris, og no er tilbake i Claude Monet sin idylliske landsby Giverny, vert funnen drept i ein kanal. Politifolka Serenac og Benavides finn, til tross for at begge er blenda av den vakre Stephanie Dupain, ut at eit liknande drap skjedde her, tilbake i 1937.

Heile historia kretser rundt Monet sine vannliljer, som han malte her, og gjorde staden til eit mekka for impresjonistar verda over. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for omfattande historier som vert nøsta fint saman. 

(2011)

Les meir

 
 

Michel Bussi – TIDEN ER EN MORDER

Spøkelser frå fortida

For 27 år sidan køyrde ei familie på 4 utfor ei klippe på Korsika. Foreldra og sonen døydde, men den yngste, ei jente, overlevde på mirakuløst vis.

No er Clotilde 42, og tilbake på øya for fyrste gong, saman med mannen og tenåringsdottera. Ho får eit mystisk brev frå den avdøde mora, og mistenker at nokon held henne for narr, samstundes som ho ikkje klarer å la vere å tenke; kva om ho også overlevde?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar at ei krimbok skal vare lenge, og ikkje sluttar når den er på sitt beste.

(2016)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 13/07/2020 tommar 90-talet, bussi, camping, frankrike, korsika

 

Michel Bussi – ETTER STYRTEN

Ein umiddelbar favoritt

Eit ubeskrive blad for min del, men ein svært positiv overraskelse.

Etter ein tragisk flystyrt i alpane på 80-talet, er det berre ein einaste overlevande; eit lite spedbarn.

Når bestefaren kjem til sjukehuset for å hente henne, dukkar det opp nok ein bestefar, som også hadde eit barnebarn på flyet. Utan nokon kjenneteikn på nokon av dei to babyane, vert det ei vanskeleg sak for retten å bestemme kven som faktisk er den rette familia.

Den eine bestemora hyrer på detektiven Credule Grand-Duc, og gir han inntil barnet fyller 18 på å finne ut kven ho eigentleg er.

(2012)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 12/08/2017 tommar 80-talet, 90-talet, barn, bussi, detektiv, flystyrt, frankrike