RSS

Kategoriarkiv: oxford

Mavis Doriel Hay – DEATH ON THE CHERWELL

deathonthecherwellDødsgåte på Persephone College

Det er krise for rektoren på eit kvinnecollege då ho finn ut at ei gruppe studentar har ein hemmelig klubb, som møtes på kveldstid. Og det vert ikkje bedre av at dei finn liket av «bursar» (så vidt eg har forstått økonomiansvarleg på skulen) på eit av sine møter. Eller finn og finn, ho flyt forbi i ein kano, og dødsårsaka er drukning. Men om ho har drukna, korleis har ho endt opp i kanoen?

Måten liket vert funne på, gjer at politiet mistenker at det er ein skøyarstrek som har gått for langt. 

Jenteklubben er ikkje enige, og etterforskar heller saka på eiga hand. Dei avdekker eit virvar av trådar og skuldningar innad i skulesystemet på Persephone College.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god gammaldags collegekrim.

(1935)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/04/2023 tommar båt, england, hay, oxford, universitet