RSS

Kategoriarkiv: lisboa

Robert Wilson – I SELSKAP MED FREMMEDE

Igjen er Robert Wilson i Portugal.

Handlinga tvinnar notid og fortid inn i kvarandre på ein unik måte, og me møter den engelske jenta Andrea, som under krigen vert send på oppdrag i Portugal, som spion for engelsk etterretning. Der møter ho tyskeren Karl Voss, som er militærattache.

Andrea Aspinall jobbar undercover, tilsynelatande for Shell i Lisboa, men rapporterer tilbake til England om både tyskerar og amerikanarar i den portugisiske hovudstaden.

Han har ei høg stjerne i Tyskland, men har ein eigen agenda.

Boka er tredelt, og me jobbar oss framover i tid, frå andre verdskrig.

(2001)

Les meir

 
 

Robert Wilson – ET LITE DRAP I LISBOA

Ei bok som kom før Falconserien. Denne handlar om den portugisiske etterforskaren Ze Coelho. Ei ung jente vert funnen drept og dumpa i Lisboa, og Ze Coelho får med seg ein upopulær kollega til å finne syndaren.

Det er to historier samstundes i boka, og medan me er i Lisboa på 90-talet, følger me også ein tysk offiser under andre verdskrigen. Han vert send til Portugal for å kjøpe Wolfram, og det er vel inga hemmelegheit at dei to historiene vert tvinna inn i kvarandre.

Boka startar tyngre enn ein er vand til frå Falconbøkene (for dei som leste dei fysst) og det er fysst og fremst historia frå krigen som har mest framdrift. I det heile tatt er det veldig lite som skjer med drapsetterforskinga i Lisboa. Men krigshistoria er bra, og ber boka framover, og mot slutten vert det også fart på sakene i drapsetterforskinga. Ikkje akkurat Falcon, men likevel veldig lesbar.

(1999)

Les meir