RSS

Kategoriarkiv: advokat

Harlan Coben – GUTTEN FRA SKOGEN

guttenfraskogenAction, spenning og feelgood

Hester Crimstein er ein knallhard tv-advokat, med sitt eige show, der ho sablar ned motstandarane sine. Når barnebarnet Matthew fortel at ei mykje mobba klassevenninne, Naomi Pine, har forsvunne, er Hester rask med å sette i gong apparatet sitt for å finne henne. Og den ho alltid går til, er Wilde, ein mann som vart omtalt som ein slags Mowgli, då han vart funnen åleine i skogen 30 år tidlegare. Er det ein som kan finne Naomi, så er det han.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Coben er verdas beste spenningsforfattar, og her er han nesten på sitt beste.

(2020)

Les meir

 
 

Malin Persson Giolito – BARE ET BARN

bareetbarnBarnevernsthriller

Alex Andersson er ein ung, trøblete gut, som vert overlatt til barnevernsmyndigheitene, etter at læraren har varsla. Advokat Sophia Weber får i oppdrag å representere guten. Kvifor har ikkje problema hans vorte lagt merke til tidlegare, og er det foreldra som skader han?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim der born er involvert, i Huldar og Freyja-gata. 

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/07/2021 tommar advokat, barn, persson giolito, sverige

 

Åsa Larsson – SPILT BLOD

spiltblodI den Nord-svenske bygda Jukkasjärvi, vert presten og feministen Mildred Nilsson drept, og hengt etter ei kjetting inne i kyrkja.

Etterforskinga gir ikkje politiet mykje å arbeide etter, og etter kvart trappar dei ned heile etterforskinga.

Seinare kjem advokat Rebecka Martinsson til bygda for å hjelpe kyrkja med det juridiske i samband med drapssaka. Når ho finn både truslar og avslørande brev blant sakene til Nilsson, kjem etterforskinga i gong igjen.

(2004)

Les Meir

 

Chris Tvedt – DØDENS SIRKEL

dødenssirkelAdvokat Mikael Brenne er midt i ei sak, då han plutselig vert sentrum i ein enorm skandale, som ser ut til å øydelegge heile karrieren hans.

Medan han sjølv er under etterforsking, hjelper han til med å sjå på ei gammal drapssak, der ein mann som vart dømt for drap i eit lite øysamfunn 25 år tidlegare, no vil ha saka si opp att, og verte reinvaska.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 30/09/2015 tommar advokat, bergen, tvedt, uløyste saker

 

Agatha Christie – ETTER BEGRAVELSEN

etterbegravelsenFamilien er samla etter gravferda til Richard Abernethie, og stemninga er heilt ok, då ei av niesene hans plutseleg seier at ho reknar med dei ikkje skal fortelje nokon at han vart myrda.

Advokaten til familien vert sett til å finne ut av saka, og det undrast på om det kan ha noko med testamentet til Richard, som nettopp vart endra, å gjere.

Etter at advokaten har gjort det han kan, sender han bud på sin gamle venn, Hercule Poirot.

(1953)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 08/10/2014 tommar 50-talet, advokat, arv, christie, detektiv, england, poirot

 

Yrsa Sigurdardottir – ASKE

askeI 1973 var det eit stor vulkanutbrot på Vestmannaeyjar, noko som gjorde at folk som budde der vart evakuerte. Mange av dei kunne ikkje flytte tilbake til heimane sine, og mange av husa står framleis tomme når arkeologar byrjar grave i dei tidleg på 2000-talet. Ein av huseigarane krevjer å få hente ei eske i kjellaren før arkeologane går inn. Han mister eska, og ut trillar eit menneskehovud.

Det viser seg at det er tre lik til i kjellaren, som eigaren, Markus Magnusson, meiner ikkje var der då familien flykta frå vulkanen.

Advokaten Thora er Markus´ advokat, og då politiet virkar bestemt på at han har gjort det, vert det opp til henne å finne sanninga.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/10/2014 tommar 70-talet, advokat, island, sigurdardottir

 

William Landay – TIL JACOBS FORSVAR

tiljacobsforsvarEin ung gut vert funnen drepen i ein park i den vesle byen Newton på austkysten. Andy Barber er visestatsadvokat, og får saka. Dei får tidleg ein mistenkt i saka, før ein ny hovudmistenkt dukkar opp. Barber sin eigen 14 år gamle son.

I staden for å vere statsadvokaten som skal finne den skuldige, vert Andy Barber no tenåringsfaren som skal reinvaske sonen sin.

(2012)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/06/2014 tommar advokat, barn, landay, usa

 

Yrsa Sigurdardottir – DEN SOM GRAVER EN GRAV

densomgraverDen andre boka om advokaten Thora, som denne gongen har fått ein H i namnet sitt.

Thora vert kalla opp til Snæfellsnes, der ein hippielklient har fått bygd eit spahotell. Hotellet er fullt av gjestar med følsomme antenner, og fleire får snerten av spøkelser på eigedomen. Hotelleigaren vil gjerne ha avslag i prisen, men Thora har ikkje før kome opp, før det fyrste liket vert funne.

Ein til tider spennande og skummel krim, men nivået er langt frå «Jeg vet hvem du er

(2008) Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 27/04/2013 tommar advokat, gjenferd, island, kystliv, sigurdardottir

 

Yrsa Sigurdardottir – DØDSSKIPET

dødsslipetEg har sjeldan gleda meg meir til ei bok, enn denne. Etter to middels bøker i starten av året, og ei fantastisk forrige bok (Jeg vet hvem du er) så var forventingane høge til denne.

Og den skuffar ikkje. Sånn cirka eit døgn tok det å lese dei 415 sidene, og sjølv om boka ikkje er like skummel som den forrige, så er den mørk, spennande og ubehagelig på mange måtar.

Ein luksusyacht kjem inn til kai i Reykjavik, og køyrer rett i ein molo. Det viser seg at det ikkje er nokon om bord i båten, sjølv om det var 7 personar ombord når den forlot Lisboa ei veke tidlegare. Blant dei, Ægir, kona hans Lara, og tvillingdøtrene deira. Den yngste dottera er heime på Island med foreldra til Ægir. Dei hyrer inn advokaten Tora for å finne ut som sonen framleis kan vere i live.

(2011)

Les meir

 

John Grisham – TILSTÅELSEN

Den siste boka til Grisham. Kom til å legge att alle dei uleste krimbøkene mine ved flytting, så fekk lånt denne. Ikkje akkurat krim, men ei god spenningsbok.

I den vesle byen Slone, i Texas, sit ein uskuldig mann på dødscella, og ventar på sin siste dag. I Kansas oppsøker den ekte drapsmannen ein prest, og tilstår. Presten trur på han, men korleis får ein resten av verda til å tru? Og rekk dei å få verda til å tru på dei i tide, før den uskuldige mannen vert drepen?

Sidan dette ikkje er ein krim, gir eg heller ikkje karakter på vanleg måte. Men kort oppsummert er boka veldig god, språket er veldig bra, sjølv om tempoet er litt lavare her enni ein krim. Her er det mykje karakterar som skal byggast opp, for å gjere spenninga størst muleg, og slikt tek tid. Men vel verdt å lese, likevel.

(2010)

 

 

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/11/2012 tommar advokat, grisham, prest, texas, usa