RSS

Kategoriarkiv: yndestad

Monika N. Yndestad – JENTENE FRA BALLETTEN

Ord mot ord i Os

Ein ung politimann engasjerer seg i ungdomsarbeidet i Os, utanfor Bergen. Han startar ungdomsklubb, køyrer fulle ungdommar heim, og hjelper dei på legevakta. Men så fyrst ei, og så ei til, av dei ungene jentene fram og seier han har voldtatt dei. Dette er jenter på veg ut på skråplanet, og politimannen meiner det dreier seg om smålig hevn. Men BA-journalist Alice Bratt trur på jentene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar norsk småbykrim, og synes ord mot ord-saker er spennande.

(2012)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/07/2020 tommar barn, bergen, journalist, politi, yndestad

 

Monika N. Yndestad – GRAVEN

Interessant bekjentskap

15 år gamle Pia Espeland forsvinn sporlaust i Bergen i 1993. Rett før ho forsvinn, har ho vore i kontakt med barnevernet, men nekta å fortelje dei kva det gjeld, anna enn at ho ønsker seg ei ny familie.

Tilbake i no-tida, 17 år seinare, og journalist i BA, Alice Bratt, snublar over eit lik som har vore gøymt i eit skjult tilfluktsrom i skogen. Utanfor er det sett opp gravlys. Medan politiet prøver å stadfeste kven den døde er, forsvinn ei ung jente igjen frå området.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er på jakt etter nye norske forfattarar, som kan verte framtidige favorittar. 

(2018)

Les meir