RSS

Kategoriarkiv: øy

Kant & Gustafson – SINGÖSPIONEN

singospionenUspennande kosekrim

Kriminalinspektør Solbritt Andersson er 62, og har saman med mannen Rune kjøpt feriehus på Singö, og er der på ferie, då ho for fyrste gong får høyre om det uløyste Singödrapet, som skjedde omlag samtidig som Olof Palme vart drept, i 1986. Solbritt fattar interesse og byrjar grave i den gamle saka, men opplever at nokon prøver å hindre henne.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du som meg, er nysgjerrig på ny svensk krim du ikkje har høyrt om før.

(2016)

Les meir

 

Kurt Aust – NÅR DØDE HVISKER

nårdedødehviskerMarerittøya

Magistratfogden Moritz Giedde har forsvunne på den avsidesliggande øya Anholt i Kattegat. Fleire skip har forsvunne rundt øya, og historiene fortel at det er innbyggjarane som lar skutene synke, før dei plyndrar dei.

Thomas af Boueberge og Petter Hortten blir sendt til øya for å finne ut kva som skjedde med Giedde.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historisk krim med solide samtidsreferanser.

(2011)

Les meir

 
 

Yukito Ayatsuji – THE DECAGON HOUSE MURDERS

Japansk Agatha Christie-mysterie

I ein japansk versjon av «Then they where none», reiser 7 venner og medlemmer av samme krimklubb til Tsunojima, ei fråflytta øy, der den forrige eigaren vart drept eit halvt år tidlegare, saman med kona og andre. Huset brann den, men eigaren, ein eksentrisk arkitekt, fekk bygd eit tikanta (decagonal) anneks, der dei 7 studentane no skal bo. Men, hey presto (direkte sitat frå boka), trur du ikkje nokon byrjar å drepe dei, ein etter ein?

Oppdaga denne boka i ein artikkel om the Golden Age, krimbøkene som vart skrive på 20- og 30-talet, med særskilde reglar og meir. Denne boka kom i 1987, og Ayatsuji (pseudonym for Naoyuki Uchida) var med på å starte ei bølge av krimbøker som holdt seg til Golden Age-reglane, i Japan.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar bøker frå den gyldne æraen, og lurer på korleis dei er i Japan. 

(1987)

Les meir

 
 

Agatha Christie – OG DERMED VAR DET INGEN

dermedvardetingenDen største av dei alle?

Kanskje? I alle fall ein av dei heilt store Agatha Christie-klassikarane, og i følge wikipedia den mest solgte krimboka nokon gong. 

Åtte personar kjem til ei øy utanfor kysten av Devon, og alle har vorte personlig invitert hit av ein person dei ikkje er heilt sikre på kven er; Ulick Norman Owen og Una Nancy Owen. På øya vert dei tekne i mot av butleren og husholdersken, som fortel at verten og vertinna ennå ikkje har dukka opp. På romma til kvar enkelt heng eit gammalt barnerim, og når alle er samla etter middag, spelar ein grammofon av ei plate, der kvar av dei åtte, samt hushaldersken og kokken, vert beskulda for på eit eller anna tidspunkt å ha drept nokon. Så fell ein av dei om død, etter å ha drikke ein drink der det er spor av cyanid. Så er me i gong. 

På grunn av den rasistiske originaltittelen (1939), og den ikkje så mykje bedre andretittelen (1964), så har boka måtte skifte namn to gonger i Storbritannia, og heiter i dag «And then there where none.» I USA var dei derimot litt meir framsynte, og ga boka det namnet ved fyrste utgivelse, allereie i 1940, medan dei i England venta med dette til 1985.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på kvifor akkurat denne står ut som ein bauta i krimlitteraturen.

(1939)

Les meir

 

Maria Lang – EN MORDER LYVER IKKE ALENE

enmorderlyverikkelaneDen idylliske sommarøya

Klassisk sommaridyll på ei lita øy i Sverige. Ein gjeng unge, vellukka og høgt utdanna venner, samlast til ei lang ferie. Alt er fryd og gammen, himmelen er blå, bla bla bla, til plutselig ei kvinne som skulle reise frå øya, vert funnen død ved ein sti. Heldigvis kjenner ei av dei involverte, Puck, politimannen Christer Wijk. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for nostalgisk sommarkrim.

(1949)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/04/2021 tommar 40-talet, øy, lang, politi, sverige