RSS

Kategoriarkiv: poirot

Agatha Christie – MIDWINTER MURDER

firesidemysteriesJulestemning i Agatha Christie-land

Ei underhaldande og stemningsfull novellesamling, som inneheld ni historier:

  1. A Christmas Tragedy (Miss Marple), 1930
  2. The Mystery of the Baghdad Chest, 1939
  3. The Clergyman´s Daughter (Tommy & Tuppence), 1929
  4. The Plymouth Express (Poirot), 1939
  5. Problem at Pollensa Bay (Parker Pyne), 1939
  6. Sanctuary (Miss Marple), 1961
  7. The Mystery of Hunter´s Lodge (Poirot), 1924
  8. The World´s End (Harley Quin), 1927
  9. The Manhood of Edward Robinson, 1934

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje kan reise på juleferie utan ein stabel Agatha Christie-mysterier i kofferten.

(2020)

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/11/2022 tommar christie, england, jul, miss marple, poirot

 

Agatha Christie – BLACK COFFEE

blackcoffeePoirot tek til scena

Dette er opprinnelig eit skodespel, faktisk det fyrste Agatha Christie skreiv, så vidt eg har forstått. 

Vitenskapsmannen Sir Claud Amory oppdagar at nokon har stole formelen til eit atomsprengstoff som han har utvikla. Tjuven må vere ein i huset, og Amory tilkallar Poirot for å finne ut av det. Men så vert Amory forgifta, og det er åpenbart at den same personen i hushaldninga hans står bak både tjuveriet og drapet. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på om Poirot er annaleis i skodespel enn han er på tv eller i bøkene.

(1930)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 30/10/2022 tommar christie, england, gift, poirot

 

Agatha Christie – DEAD MAN´S MIRROR

deadmansmirror«Det lukka rom»

Ein mann har tilsynelatande teke livet av seg inne på eit låst rom. Poirot vert kalla til åstaden, og mistenker at det ikkje dreier seg om sjølvmord likevel. 

Denne novella kom opprinnelig ut i eit blad under tittelen «The Second Gong» i 1932, men Agatha Christie skreiv den litt lenger og ga den ut under ny tittel i samlinga «Murder in the Mews» i 1937. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du kan like eit godt lukka rom-mysterium.

(1937)

Les meir

 
 

Agatha Christie – THREE ACT TRAGEDY

threeacttragedyGiftdrap på rekke og rad

Under eit middagsselskap, dett ein av gjestane, pastoren Babbington, død om. Kveldens vert, skuespelaren Sir Charles Cartwright er overbevist om at det er mord, men psykiateren Sir Bartholomew Strange, som også er gjest, kan ikkje finne noko gift i glaset. Seinare er fleire av gjestane samla igjen, denne gongen i Monte Carlo, og denne gongen vert verten Strange forgifta, men heller ikkje noe er det noko spor i glaset. Tre av dei som har vore til stades; Cartwright, Satterthwaite og den unge kvinna «Egg» bestemmer seg for å løyse saka, og Poirot gir dei ei hjelpande hand. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gamle krimhistorier med litt lengre historiebue.

(1934)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/10/2022 tommar christie, england, gift, poirot

 

Agatha Christie – DUMB WITNESS

dumbwitnessPoirot kjem for seint

Hercule Poirot vert kontakta av den velståande peppermøya Emily Arundell, som meiner nokon har prøvd å ta livet av henne. Familien meiner derimot at ho ramla ned trappa ved eit uhell, etter å ha trakka på ballen til Bob, hunden i huset. Men det viser seg at brevet har vorte forsinka i posten, og når Poirot får det, er Emily Arundell allereie død. Dødsårsaka skal vere lever-relatert. Etter fallet har ho skrive eit nytt testamente, og familien får no ingenting. Poirot besøker huset, og kan fort slå fast at hunden Bob er utan skuld i fallet. Men kven prøvde, og kanskje til slutt lukkast med, å drepe Emily Arundell?

Denne heiter «Det tause vitnet» på norsk, men har ikkje fått tak i den på norsk så langt. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein aldri kan takke nei til ein god, gammal Poirot-krim.

(1937)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/10/2022 tommar arv, christie, familie, gift, poirot

 

Agatha Christie – ELEPHANTS CAN REMEMBER

elephantscanrememberPoirot si siste store sak

Dette er den siste romanen Agatha Christie skreiv om Hercule Poirot. Det kom ut ei bok seinare, men den var skriven mange år tidlegare. 

Forfattaren Ariadne Oliver vert kontakta av Mrs Burton-Cox, som har ein son som er forlova med Celia Ravenscroft, som er guddattera til Oliver. Ho stiller spørsmål rundt det som skjedde då foreldra til Celia døde, 12 år tidlegare. Det vart antatt at dei var snakk om dobbelt sjølvmord, eller drap og sjølvdrap, men kan det ha vore dobbeltmord? Ariadne Oliver kontaktar Hercule Poirot for å kome til botns i saka. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi det er Poirot.

(1972)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/10/2022 tommar christie, england, poirot, uløyste saker

 

Agatha Christie – MORD PÅ NILEN

mordpånilenKlassikar

Hercule Poirot er på ferie i Egypt, då sosietetskvinna Linnet Doyle tek kontakt. Ho og ektemannen er på bryllupsreise, og vert plaga av eksen til mannen, den tidlegare bestevenninna hennar, Jacqueline de Bellefort. Det kulminerer i at Jacqueline skyt Simon Doyle på båten, og samme natt vert Linnet funnen død på lugaren sin.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi dette muligens er ei av verdas mest kjende krimhistorier.

(1937)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/06/2022 tommar 30-talet, båt, christie, detektiv, egypt, poirot

 

Agatha Christie – KORTENE PÅ BORDET

kortenepåbordetÅ samle på kriminelle lønner seg neppe

Hercule Poirot er invitert til middag hos den mystiske Mr. Shaitana, som i følge seg sjølv, samlar på kriminelle som har slept unna straff. Når gjestane set seg ned for å spele bridge, set verten seg i godstolen, der han vert sitjande til han, etter at spelet er slutt, vert funnen død. Drept. Det er ikkje så mange potensielle gjerningspersonar, og Poirot bruker bridgespelet til å løyse saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for ein Poirot-klassikar.

(1936)

Les meir

 
 

Agatha Christie – FEM SMÅ GRISER

5smågriserMalaren Amyas Crale vert forgifta og drepen av kona si, Caroline, etter at han har kunngjort at han skal forlate henne for den unge modellen Elsa Greer. Caroline døyr seinare i fengselet. 16 år seinare, kjem dottera deira, Carla Lemarchant til Poirot, med eit brev mora har skrive til henne, der ho fotel at ho er uskuldig. Ho ber Poirot kome til bunns i saka.

Ei spesiel Poirot-historie, der han må løyse ei gammal sak, berre ved hjelp av forteljingane til dei fem som var til stades den dagen. Me får høyre fem forskjellige versjonar av same historie, noko som, så vidt eg veit, er den einaste gongen det grepet har vorte brukt i Poirot.

(1942)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 04/11/2014 tommar 20-talet, christie, detektiv, england, gift, poirot

 

Agatha Christie – ETTER BEGRAVELSEN

etterbegravelsenFamilien er samla etter gravferda til Richard Abernethie, og stemninga er heilt ok, då ei av niesene hans plutseleg seier at ho reknar med dei ikkje skal fortelje nokon at han vart myrda.

Advokaten til familien vert sett til å finne ut av saka, og det undrast på om det kan ha noko med testamentet til Richard, som nettopp vart endra, å gjere.

Etter at advokaten har gjort det han kan, sender han bud på sin gamle venn, Hercule Poirot.

(1953)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 08/10/2014 tommar 50-talet, advokat, arv, christie, detektiv, england, poirot