RSS

Kategoriarkiv: politi

Olaf Bull – MITT NAVN ER KNOPH

mittnavnerknophEin ny æra i norsk krim? 

Jens Christian Sahle, ein respektert og grundig direktør, vert dømt for underslag, og innrømmer at han har gjort det for å gi elskerinna si 20 000. Utover det har han ikkje så mykje å fortelle. Kona til Sahle ler av at han skulle hatt ei elskerinne. Han vert dømt for underslaget, men Hans Bleng frå Oppdagelsespolitiet aner ugler i mosen.

I følge Bjørn Carling i «Norsk Kriminallitteratur gjennom 150 år» (1976), er dette det fyrste «utspekulerte konstruksjonsmysterium på norsk,» og dermed starten på eit nytt kapittel i norsk krimlitteratur.

Boka var skriven som ein føljetong i eit blad frå 1909, men kom fyrst i bokform i 1913.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei aller fyrste krimhistoriene. 

(1909/1913)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/02/2023 tommar 1900-1910, økonomi, bull, klassikar, norge, oslo, politi

 

Freeman Wills Crofts – THE HOG´S BACK MYSTERY

hogsbackmysteryEin mindre kjent krimhelt frå 30-talet

Julia Earle og mannen, legen James Earle, bur langt frå folk, og har derfor sjeldan besøk. Då er det sjølvsagt ekstra stas når Julia får besøk av både systera Marjorie og venninna Ursula. Men kort tid etter ankomst, merker Ursula både at venninna Julia har eit forhold til ein yngre nabo, og ho ser legemannen i byen med ei anna kvinne. Og som ikkje det er nok, så forsvinn plutselig James Earle, utan spor. Sist sett i berre tøfler, lesande på dagens avis

Politiet vert tilkalla, men kjem ingen veg, og må til slutt tilkalle inspektør Joseph French frå Scotland Yard.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gode, gamle britiske krimhistorien. 

(1933)

Les meir

 

John Bude – THE LAKE DISTRICT MURDER

lakedistrictmurderEin klassikar seigare enn dei fleste

Jack Clayton, ein ung mann som er forlova, og skal gifte seg, vert funnen død i bilen sin utanfor ein avsidesliggande verkstad i Nord-England. Fyrst tyder alt på sjølvmord, men etterforskeren, ein inspektør Meredith, finn fleire ting som ikkje passar med den teorien. Han startar eit nitidig arbeid med å finne spor, trådar, svar, vitner. Etter ei stund viser det seg at det er ei anna sak i samme område, som ser ut til å ha tilknytning til blant anna verkstaden Clayton vert funnen ved.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis dei mindre kjende krimforfattarane frå «The Golden Age of Detective Fiction» skreiv. 

(1935)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – FORRÆDEREN

forræderenKva gjer politimannen når saka blir personlig?

Eit stort jordras, der fleire hus forsvinn, er inngongen til denne. Alle i området ser ut til å ha vorte berga ut i live, men litt seinare finn politiet ein død person. Det viser seg derimot at denne har vore død ei stund, og er drept. Vedkomande viser seg å ha tilknytting til ei svensk etterforsking, og plutseleg viser det seg at dette er større en ein først trudde. Så vert Wisting personlig involvert. Litt for personlig.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi serien om William Wisting alltid har eit høgt nivå over seg.

(2022)

Les meir

 

Ninni Schulman – NÅR ALLE KLOKKER HAR STANSET

nåralleklokkerharstansetNok ein seriemordar på den svenske landsbygda

Det vert sett opp teater i bygda, med den store skodespelaren som er oppvaksen her, samt ei gruppe lokale ungdommer. Ein av dei forsvinn, og vert funnen drept, flytande i ei sekk litt seinare. Litt seinare vert nok ein ungdom drept, denne gongen skoten, og Christer og Petra i det lokale politiet har hendene fulle. Lokaljournalisten Magdalena bruker å vere hjelpsom i slike saker, men denne gongen har ho sine eigne ting å stri med.

Dette er sjette bok i serien om Magdalena Hansson, dei fem fyrste finn du her:

Velkommen hjem
Jenta med snø i håret
Gutten som sluttet å gråte
Svar hvis du hører meg
Vår egen lille hemmelighet

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Ninni Schulman tidlegare har vist seg som ein drivende god spenningsforfattar.

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/01/2023 tommar politi, schulman, seriemordar, sverige, teater

 

Sjöwall & Wahlöö – TERRORISTENE

terroristeneSpennande etter ein tung start

Beck er vitne i ei sak der ei ung kvinne er skulda for å ha prøvd å rane ein bank. Samstundes er Gunvald Larsson i Spania, der han vert vitne til eit attentat på ein statsleiar. Like etter skal Sverige vere vertskap for ein svært upopulær amerikansk senator, og rykta går om at same organisasjon som stod bak attentatet i Spania, no kjem til Sverige.

Dette er den tiande og siste boka om Beck. Per Wahlöö døde rett før boka vart ferdig, så Maj Sjöwall måtte gjere den ferdig åleine. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vil ha med deg slutten på Beck-universet i bokform.

(1975)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – NATRIUMKLORID

Hevnens danske engel

Etter at ei kvinne tek livet av seg, vert Carl Mørck og Avdeling Q kontakta av sjefen sin, Marcus Jacobsen, som 32 år tidlegare jobba med ein eksplosjon som tok livet av barnet til kvinna. Jacobsen har aldri kunne slå seg til ro med at dei ikkje fann ut kva som skjedde den gongen.

Avdeling Q kikar nærare på saka, og finn ut at det vart funne salt på åstaden, noko som også dukkar opp i ei anna uoppklart sak, eit drap. Kan det ha ein samanheng?   

Samstundes er ei gruppe kvinner ute for å straffe folk som gjer tilsynelatande enkle små feil i det daglige livet.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og dei stadig meir overdrivne plotta til Adler-Olsen.

(2021)

Les meir

 

Sjöwall & Wahlöö – MANNEN PÅ TAKET

mannenpåtaketEin meir «moderne» Beck

Kommisar Stig Nyman var aldri verken noko god politimann, eller ein godt likt. Snarare tvert i mot, han var ein av dei mest hata personane i politikorpset i Stockholm. No er han drept, nærast delt i to, i sjukehussenga han låg i. Så det er ikkje mangel på mistenkte. 

Det endar i ei jakt på ein namngitt mistenkt, og det vert tøft for fleire. Dette er kanskje boka der Gunnvald Larsson verkeleg står fram som den råtassen han er i TV-serien. 

Dette er den sjuande boka om Beck. Her er dei seks foregåande:
1. Roseanna
2. Mannen som gikk opp i røyk
3. Mannen på balkongen
4. Døden tar buss
5. Brannbilen som forsvant
6. Snut, snut, kaffegrut

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis Gunnvald Larsson er når han går i Rambo-modus.

(1971)

Les meir

 

Sjöwall & Wahlöö – BRANNBILEN SOM FORSVANT

brannbilensomforsvantLettantenneleg nøtt for Beck

Eit hus som politiet har under overvakning brenn ned, og fleire døyr i brannen. Gunnvald Larsson prøver å berge folk ut av huset, medan ein kollega varslar brannvesenet. Men medan huset raskt brenn ned, dukkar aldri brannvesenet opp.

Politiet finn ut at ein av bebuarane har ville ta livet av seg sjølv, ved å sette på gassen i leiligheita si. Men noko skurrar likevel; korleis vart gassen påtent, og kva skjedde med brannbilen? 

Dette er den femte boka om Beck.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein ikkje kan gå feil med Martin Beck.

(1969)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – OFFER 2117

offer2117Kompleks og bekmørk

Ein spansk journalist tek turen til Kypros for å lage ei sak om båtflyktningar. Han tek bilde av ein død flyktning som er skylt i land, men seinare viser det seg at kvinna ikkje har drukna, men er drept. I København kjenner Assad igjen kvinna på bildet, og ein gamer som liker seg best innelåst på gutterommet, vert besatt av talet på omkomne på Kypros. 

Alt kokar saman til eit dystert kappløp mot tida, som tek oss gjennom store delar av Europa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og er spent på Assad si historie.

(2019)

Les meir